NPK-NTB: Styresmaktene håpar nokre av dei nesten 200.000 nordmennene som står utan jobb, melder seg for å dekkje behovet for arbeidskraft i vinterfisket.
Arbeids- og sosialminister Henrik Asheim (H), fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) og Nav-direktør Hans Christian Holte møtte måndag representantar for fiskerinæringa for å diskutere korleis dei kan dekkje behovet for arbeidskraft til fisket i vinter.
– No er det 195.000 heilt ledige, delvis ledige og arbeidssøkjarar på tiltak hos Nav. Det er ekstremt viktig at vi no så langt som mogleg brukar tilgjengeleg norsk arbeidskraft, slik at dei arbeidsledige får moglegheita til å jobbe, seier Asheim i ei .
– Bruk av innanlandsk arbeidskraft i staden for utanlandske arbeidarar vil òg redusere risikoen for importsmitte, legg han til.
Under koronapandemien er det innført strenge innreisereglar for utanlandske arbeidarar, som normalt dekkjer ein stor del av bemanningsbehovet i vinterfisket.

Publisert: 14.12.2020 13:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:08