Vil ha eigar tak i kystflaaten
SJARK, HJELL OG LOFOTFISKE: Det klassiske bilde av norsk fiskeri, som ei næring med mange små aktørar plassert langs heile kysten, er ikkje heilt i samsvar med korleis Riksrevisjonen oppsummer status. Eigarkonsentrasjonen også i kystflåten gjer at Riksrevisjonen vil ha eit tak for å hindre ytterlegare eigarkonsentrasjon. 
Nytt

Vil ha eigar-tak i kystflåten

Det bør vere ei grense på kor mange kystfiskefarty som kan samlast på ei hand, meiner Riksrevisjonen.

28.04.2020
Til skilnad frå havfiskeflåten er det ingen eigarbegrensingar i kystfiskeflåten. Det bør Nærings- og fiskeridepartementet vurderer å endre på, skriv Riksrevisjonen i ein rapport som er lagt fram i dag,

Betre lønsemd

Rapporten, "Undersøkelse av kvotesystemet i kyst- og havfisket" har sett på perioden 2004-2018.
Hovudkonklusjonen er at omleggingane i kvotesystemet har auka lønsemda i fisket.
Samstunders er og fiskeripolitiske prinsipp utfordra, og Riksrevisjonen kjem med fleire tilrådingar til departementet. Her er hovudpunkta i tilrådinga:
  • sørge for at endringer i kvotesystemet blir grundig konsekvensutredet
  • vurdere å innføre eierkonsentrasjonsbegrensninger for kystflåten og/eller andre tiltak for å begrense eierkonsentrasjonen
  • registrere og offentliggjøre utviklingen i kvoteprisene, og gjennomføre tiltak som bedrer rekrutteringen til fiskeryrket
  • vurdere tiltak for å opprettholde den minste kystflåtens betydning for kystsamfunnene
  • vurdere tiltak for å hindre at økende andeler av kvoten mangler tilkobling til et fartøy
  • følge systematisk med på hvordan endringer i kvotesystemet påvirker landingsmønsteret og fiskeriaktiviteten i kystsamfunnene

Færre hender

I 2007 let det dåverande fiskeridepartementet vere å gjere framlegg om å sette eit tak på kor store kystfiskereiarlag kunen bli, rett og slett fordi det ikkje var nokon eigarkonsentrasjon å snakke om.
Utviklinga har vist at slike begrensningar burde blitt innført, etter Riksrevisjonen si vurdering, i følgje rapporten:
"Undersøkelsen viser at eierkonsentrasjonen for de største kystfartøyene innenfor torsk og makrell har økt betydelig i undersøkelsesperioden. Den største eieren i disse gruppene eide i 2018 fartøy som hadde mer enn 5 prosent av kvotene.
Etter Riksrevisjonens vurdering har eierkonsentrasjonen i kystflåten økt betydelig og over den grensen som ble vurdert i 2007, uten at departementet har innført tiltak."

Publisert: 28.04.2020 14:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56