Vil ha fart paa fisket etter sjoepoelse
SJØPØLSE: Margareth Kjerstad brenn for sjøpølsa. Her med to tørka sjøpølser. Det trengst 25 kilo fersk sjøpølse for å få ein kilo tørka sjøpølse.
Nytt

Vil ha fart på fisket etter sjøpølse

Ho brenn for sjøpølsa, meiner at marknaden kan vere enorm, men har slite med å få næringa med seg.

26.11.2015
- Men no skjer det noko. Fleire aktørar er på nytt interesserte, seier seniorforskar Margareth Kjerstad ved Møreforsking.
Ho er av dei som veit mest om sjøpølse i Norge. Etter at det var forsøksfiske og ein eigen handlingsplan for sjøpølse i perioden 2006 – 2010, har lite skjedd. Før no.
- Nesten kvar veke vert eg oppringt av aktørar som er interesserte i sjøpølse, seier ho.

Verdas best betalte

Kjerstad orienterte om planane under eit møte for Marin Samhandlingsarena i Møre og Romsdal onsdag.
- Dette er eit av verdas beste betalte sjømatprodukt, og vi har sannsynlegvis masse sjøpølse, fastslo Kjerstad.
Det er Kina som er den klart største marknaden for sjøpølse. Her har matrettar av sjøpølse ein tusenårig tradisjon, og det vert rekna med at sjøpølse har ei rekkje positive helseeffekter.
- Også sexlysta skal det visstnok hjelpe på, fastslo Kjerstad.

Les meir er:


Overfiske

Etterspurnaden etter sjøpølse er aukande. Mykje av grunnen til dette er overfiske i fleire land som Indonesia, Malaysia, Australia og andre tradisjonelle fangstnasjonar av sjøpølse.
Siste åra har nasjonar som USA, Canada, Russland og Island kasta seg inn i jakta på dei ettertrakta sjøpølsene.
- Fleire kjem etter, sa Kjerstad.
Totalt er det rundt 70 artar av sjøpølser som vert kommersielt utnytta. I Norge er det registrert 31 artar, men der Kjerstad meiner at artane rødpølse og brunpølse er dei mest interessante å utnytte kommersielt.

Vigrafjorden og Vartdalfjorden

Spesielt gjeld dette for rødpølse, som kan verte 50 centimeter lang, men som oftast finst i lengder på 10 til 20 centimeter.
Forsøksfiske har vist at rødpølsa helst finst på 250 til 300 meter djupne.
- Men det er store variasjonar. Det er sjøpølse mange stader også i vårt område, mellom anna i Vigrafjorden og Vartdalfjorden, helst der det er gjørme eller smågrus.
Det pågår enno forsøksfiske i regi av Midsund-båten Metho, som på 12 trålhal i Midsundfjorden fekk 250 kilo sjøpølse.
På grunn av lite forsking på arten, mellom anna manglande bestandsmålingar, er arten å finne på raudlista.

Etterlyser sløyemaskin

Dette meiner Kjerstad vil endre seg så fort ein får oversikt over bestanden. Derimot er ho meir bekymra for å finne gode nok sløyemetoder.
- Lag meg ei sløyemaskin for sjøpølser, var oppfordringa.
Undersøkingar viser at kinesiske aktørar er interesserte i den norske sjøpølsa, sjølv om ho ikkje er i den same attraktive kategorien som den japanske sjøpølsa. Denne vert i dag betalt med rundt 5.000 kroner kilo som tørka variant.
- Det trengst 25 kilo sjøpølse for å få ein kilo tørka produkt, sa Kjerstad.

- Viktig å kome i gang

Ho meinte at det var muleg å selje sjøpølse både som runde, kokte, salta eller tørka produkt.
- Men til meir ein bearbeider sjøpølsa, til betre vert prisen.
- Men det viktige er no at vi kjem i gang. Det er på tide.
Marin Samhandlingsarena er eit samarbeid mellom Innovasjon Norge i Møre og Romsdal, Norges Forskingsråd, Nofima, Aalesundfisk, Sjømat Norge, Møreforsking og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Innovasjon Norge og fylkeskommunen står for finansieringa.
Lag meg ei sløyemaskin for sjøpølser

Publisert: 26.11.2015 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:50