Vil ha garantiar for aa sikre norske verftskontraktar
MYKLEBUST: Økonomi- og finanssjef Leiv Sindre Muren og verftsdirektør Inge-Jonny Hide foreslår at GIEK tar ei meir aktiv rolle for å sikre noske verftskontraktar.
Nytt

Vil ha garantiar for å sikre norske verftskontraktar

Reiarar kvir seg mot på signere byggjekontrakt med norske verft som har pressa økonomi. Myklebust Verft har forslag til løysing.

25.06.2020

- Vi ønskjer at GIEK og Eksportkreditt tar ei meir aktiv rolle tidleg i eit byggjeprosjekt. Hittil har reierane fått gode ordningar, men får å sikre fleire kontraktar må også verfta få ordningar som gjer at dei kan påta seg fleire oppdrag.

Det seier verftsdirektør Inge-Jonny Hide ved Myklebust Verft.

Problemet er spesielt knytt til tilbakebetalingsgarantiar til reiarane, som normalt betalar 20 prosent av byggjekostnaden tidleg i eit prosjekt.

- Så lenge eit verft har svekka soliditet, og reiarane ikkje har garantiar for å få pengane tilbake om det skulle oppstå problem, er det mange som kvir seg for å teikne endeleg byggjekontrakt.

- Verfta tar all risikoen
Hide viser til at eit typisk nybyggingsprosjekt for Myklebust Verft ligg på rundt 500 millionar kroner.

- Reiaren betalar då typisk inn 100 millionar kroner tidleg i prosjektet. Ved fleire kontraktar, og med ei kapitalbinding i prosjekta på inntil 20 prosent, så vil vi som verft etterkvart ha utfordring med å stille tilfredsstillande garantiar utan at det også bind ytterlegare kapital.

- Ein må også hugse på at verftet tar all riskoen knytt til eit nybyggingsprosjekt, og treng gjerne rundt 100 millionar kroner i kapital til å betale løpande utgifter til eit prosjekt på 500 millionar kroner.

Myklebust Verft er ikkje av verfta som er verst stilt, men opplever likevel problem. Ifølgje årsreknskapet hadde verftet ein arbeidskapital på rundt 60 millionar kroner ved siste årsskifte, opp frå rundt 23 millionar året før.

Få vert klarer krava
Saman med økonomi- og finanssjef Leiv Sindre Muren har Hide teke mulegheitene for ein ny modell opp med GIEK, Eksportkreditt, sentrale bransjeorganisasjonar og fleire politiske parti.

Leiv Sindre Muren viser til at ramma for byggjelån normalt er maksimalt 80 prosent frå finansinstitusjonane. Innanfor denne ramma skal verfta også stille opp med tilbakebetalingsgarantiar til reiarane for forskotbetalingar.

- Dette er det svært få norske veft som kan klare, noko som gjer at reiarane vert skeptiske til å inngå kontraktar, seier Muren.

Vil ha forskotsgarantiordning
Han viser til at forsikringsselskapa ikkje lenger vil stille tilbakebetalingsgarantiar til verft som i dag har svekka soliditet.

- For å løyse denne situasjonen, ønskjer vi at GIEK/Eksportkreditt tar ei meir sentral rolle for å avlaste verfta sine likviditetsmessige forpliktingar.

- Ei forskotsgarantiordning for norske skipsverft, med forholdsvis lav risikoeksponering, vil vere eit viktig tiltak for å hjelpe verfta og tilhøyrande leverandørar i ein vanskeleg marknad, seier Muren.

Kun eksport eller offshore
I ein kommentar skriv avd.dir. Solveig Frøland i GIEK at GIEK er godt kjend med den utfordrande økonomiske situasjonen ved verfta.

- Når det gjeld forskotsgarantiar, har GIEK handlingsrom til å stille slike garantiar når skip vert bygde for eksport eller offshoreverksemd.

- Risikodeling avtalast normalt 50-50 med bankar, likt med regelverket for byggelånsgarantiar, opplyser ho.

Departementet kjend med ønsket
I ein epost frå nærings- og fiskeridepartementet uttalar statssekretær Jan-Christian Kolstø følgjande.:

"Vi følger situasjonen i verftsnæringen nøye og er kjent med ønsket om å stille forskuddsgarantier også for skip som bygges for bruk i Norge."

Ein må også hugse på at verftet tar all riskoen knytt til eit nybyggingsprosjekt

Publisert: 25.06.2020 05:55

Sist oppdatert: 14.08.2021 00:26