Nytt
Vil ha investorar med på olje-satsing
Midt i oljenedturen inviterer det ålesundske oljeserviceselskapet West Oil Tools investorar til å satse tresifra millionbeløp på selskapet. Les kor mykje.
10.12.2015
West Oil Tools har nettopp fått ein kontrakt med eit internasjonalt oljeserviceselskap om å vere eit av selskapa som skal delta i stenginga av oljebrønnar på norsk sokkel.
I arbeidet skal West Oil Tools bruke sin spesialutvikla delbare og flyttbare rigg for slikt arbeid. Det er den tredje riggen West Oil Tools skal levere, men denne gongen er planen å eige den sjølv og leige den ut. Då trengst det kapital.
- Vi vil drifte eigne riggar, seier dagleg leiar Samuel Muren.
Mellom 100 og 200 millionar kroner er målet å få inn, storparten av det som eigenkapital.
Muren fryktar ikkje det skal bli vanskeleg å skaffe kapital, med den siste kontrakten i lomma og utsikter til fleire nye.
- Vi er i dialog med fem - seks kundar, seier Muren om utsiktene i marknaden.
West Oil Tools-riggen kan settast på den opprinnelege boreplattformen om boretårnet er fjerna, eller bruke atteverande installasjonar som fundament der plattformen er fjerna.
Utviklinga i denne marknadene har ikkje innfridd forventningane, men med låg oljepris trur Muren aktiviteten vil auke. Hans analyse er at høg oljepris gjorde det freistande å utsette kostnadane med å stenge gamle brønnar. No, når oljeprisen er låg, blir fleire gamle brønnar ulønsame og oljeselskapa vil spare meir på å stenge dei ned enn å halde dei i drift.
I 2014 fekk selskapet seld sin første rigg, til ein kunde i Qatar. Det gav selskapet ei driftsinntekt på 242 millionar kroner. Resultat før skatt blei minus ein million kroner. Kunden i Qatar har også bestilt ein rigg til, og no skal altså selskapet bygge ein rigg i eigen regi.
Dagleg leiar Samuel Muren eig 6,3 prosent i selskapet gjennom Muren as.
Dagleg leiar Eirik Staurset i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO, eig 0,88 prosent i selskapet.
I arbeidet skal West Oil Tools bruke sin spesialutvikla delbare og flyttbare rigg for slikt arbeid. Det er den tredje riggen West Oil Tools skal levere, men denne gongen er planen å eige den sjølv og leige den ut. Då trengst det kapital.
- Vi vil drifte eigne riggar, seier dagleg leiar Samuel Muren.
100-200 millionar kroner
I følgje Muren har selskapet ikkje plukka ut kven som får jobben med å hjelpe til å skaffe kapitalen, men målet er å ha kapitalutvidinga på plass innan påske neste år.Mellom 100 og 200 millionar kroner er målet å få inn, storparten av det som eigenkapital.
Muren fryktar ikkje det skal bli vanskeleg å skaffe kapital, med den siste kontrakten i lomma og utsikter til fleire nye.
- Vi er i dialog med fem - seks kundar, seier Muren om utsiktene i marknaden.
Billegare løysing
Riggen som West Oil Tools har utvikla for bruk når oljebrønnar skal stengast for godt er meint som ei billegare løysing enn å slepe på plass ein oppjekkbar rigg for å gjere same jobben.West Oil Tools-riggen kan settast på den opprinnelege boreplattformen om boretårnet er fjerna, eller bruke atteverande installasjonar som fundament der plattformen er fjerna.
Marknad på vent
Vilkåret for at West Oil Tools skal få fart på denne businessen er at oljeselskapa stengjer ned gamle brønnar og fjernar gamle plattformer i eit anna tempo enn i dag.Utviklinga i denne marknadene har ikkje innfridd forventningane, men med låg oljepris trur Muren aktiviteten vil auke. Hans analyse er at høg oljepris gjorde det freistande å utsette kostnadane med å stenge gamle brønnar. No, når oljeprisen er låg, blir fleire gamle brønnar ulønsame og oljeselskapa vil spare meir på å stenge dei ned enn å halde dei i drift.
30 tilsette
West Oil Tools blei etabert i 2007 med grunnleggar Bjørn Bjerke som dagleg leiar. Frå 2012 har den delbare og flyttbare riggen for bruk ved stenging av oljebrønnar til havs vore hovedsatsinga til selskapet, som i dag har 30 tilsette. Seks av dei arbeider på hovdudkontoret i Ålesund, resten i Aberdeen. Riggane blir produsert hos underleverandørar.I 2014 fekk selskapet seld sin første rigg, til ein kunde i Qatar. Det gav selskapet ei driftsinntekt på 242 millionar kroner. Resultat før skatt blei minus ein million kroner. Kunden i Qatar har også bestilt ein rigg til, og no skal altså selskapet bygge ein rigg i eigen regi.
18 aksjonærar
Selskapet har 18 aksjonærar. Før ei eventuell kapitalutviding er Bjørn Bjerke største eigar gjennom selskapet Mayhem Invest (52,4 prosent). Stor eigar er også Gilles Arild Gillesen gjennom Gillesen Overseas & Co as (12,8 prosent).Dagleg leiar Samuel Muren eig 6,3 prosent i selskapet gjennom Muren as.
Dagleg leiar Eirik Staurset i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO, eig 0,88 prosent i selskapet.
Vi vil drifte eigne riggar
Publisert: 10.12.2015 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:50