Vil ha karantene for bakerigruender
VIL HA KARANTENE: Bustyrar Camilla Solbakken har vore bustyrar for konkursane i GB Geiranger og GB Produksjon, som blir tema i Sunnmøre tingrett fredag.
Nytt

Vil ha karantene for bakerigründer

Bustyraren er kritisk til forretningsførselen etter bakerikonkurs. Gründer Stein Lystad vil overtyde retten om at han bør sleppe karantene.

Marius Rosbach
14.01.2021

Selskapet GB First, tidligare Geiranger Bakeri, har nettopp meldt oppbod.

Minus på satsinga i Ørsta/Volda og for lite oversikt over kvar einskild del av verksemda gjorde at GB First ikkje lenger var liv laga, seier Vikestrand. Selskapet har auka driftsinntektene kvart år sidan etableringa som aksjeselskap i 2015, men det har og underskotet og gjelda.

I 2017 hadde selskapet 6,3 millionar kroner i driftsinntekter. Underskotet før skatt ble 0,5 millionar kroner og gjelda var på 2,5 millionar ved utløpet av året.

Utvida
Vikestrand starta heime i ein ombygd garasje i Geiranger, med turistane i bygda som målgruppe i starten.

Baksten blei populær og i 2016 opna selskapet kafe og utsal i Volda og overtok lokale til tidlegare Thun bakeri i Ørsta. Å ha to anlegg i Ørsta/Volda bidro til å auke kostnadane, seier Vikestrand. No er all verksemd samla i Volda.

Å organisere all verksemda i eitt selskap var heller ingen fordel med omsyn til å ha oversikt og kontroll, ifølgje Vikestrand.

Omorganiserer
No er målet å drive med produksjon og utsal både i Geiranger og Volda, framleis under merkenamnet Geiranger Bakeri.

Vikestrand eig 50 prosent av aksjane i selskapet G-B Holding saman med René John Michael Wuya (40 prosent).

G-B Holding eig 50 prosent i selskapet Bringebær, som nyleg tok over drifta av kafeen og utsalet i Volda. Dei to andre eigarane er Marie-Lene Korsnes og Torill Hansrud Mo, som også driv kafeen.

Bakeriet er samlokalisert med kafeen, men blir drive av selskapet Vikestrand as, som eig av Jan Egil Vikestrand og eitt familiemedlem.

Opnar i Geiranger
Når turistsesongen kjem i gang blir det også to utsal og baking i Geiranger, men akkurat korleis selskapstrukturen blir for drifta i Geiranger er ikkje avklart i følgje Vikestrand.

Han har tidlegare sagt at målet er å etablere seg også i Ålesund. Det står framleis ved lag, men eit eventuelt utsal der skal drivast etter ein franchisemodell, i følgje Vikestrand.


Publisert: 14.01.2021 05:55

Sist oppdatert: 14.01.2023 00:18