Bafa3842724b trollstigen 4
FYLKESVEG: Her frå FV63 Trollstigen. Foto: Dag Christian Ugseth
Nytt

Vil ha klima som tildelingskriterium

Entreprenørar som vil kjempe om vedlikehald på fylkesvegar, må fokusere på klima.

23.03.2022

Fylkeskommunedirektøren ønskjer at klima blir tildelingskriterium når Møre og Romsdal fylkeskommune skal lyse ut nye kontraktar for drift og vedlikehald av fylkesvegane.

Forslaget er at driftsentreprenørane kan få eit fråtrekk i tilbodssummen på inntil 10 millionar kroner pr. kontrakt for tiltak som reduserer CO2-utsleppa. Saka skal behandlast i samferdselsutvalet 30. mars og gjeld driftskontraktane Indre Romsdal og Ytre Romsdal. Kontraktane skal starte 1. september 2023 og varar i fem år.

Dette opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding.

Gevinstdeling
For å stimulere til innovasjon og utvikling av nye løysingar og metodar er det foreslått vidareføring av ei påskjønningsordning med gevinstdeling mellom byggherre og entreprenør. Det vil seie at om entreprenøren foreslår løysingar eller metodar som gir innsparing samanlikna med kontraktsfesta metode, vil entreprenøren få halve gevinsten, blir det opplyst.

Fylkeskommunen opplyser at størrelsen på kontrakten for Indre Romsdal gjer at oppdraget kan vere aktuelt for ein mellomstor maskinentreprenør eller mindre/mellomstore maskinentreprenørar i arbeidsfellesskap. Kontrakten for Ytre Romsdal er større, og retta mot riksentreprenørar.

Reduserte kostnader
I pressemeldinga blir det opplyst at Møre og Romsdal fylkeskommune dei siste åra har jobba systematisk med å vidareutvikle driftskontraktane for å redusere kostnadane. Snittprisen på kontraktane som vart inngått i 2021 er ca. 147.000 kr/km, medan snittprisen i 2020 var 180.000 kr/km.

Omlegging til større grad av mengdeoppgjer gir innsparing, men gir har nokre fleire ukjente kostnadar, fordi fylkeskommunen overtar meir av den økonomiske risikoen i kontraktane. Alt i alt tyder likevel dei innkomne tilboda på kontraktane som vart lyst ut i fjor at marknaden har respondert godt på endringane som er gjort, gjennom lågare totalpris og liten variasjon i innkomne tilbod.

Publisert: 23.03.2022 14:22

Sist oppdatert: 25.03.2022 08:45

Mer om