Komande helg er det landstyremøte i partiet Venstre, som skal førebu forslag til landsmøtet i mars. Eit satsing på eit maritimt utdanningsløft, er mellom dei mange forslaga som skal til behandling.
– Møre og Romsdal Venstre meiner at den maritime klynga i Møre og Romsdal er ein del av løysinga, uttaler Annika Brandal, som er fylkesleiar og andrekandidat på Stortingslista i år, i ei pressemelding om forslaget.
Det er Møre og Romsdal Venstre som vedtok uttalen først på sitt årsmøte i januar. Seinare har Vestland og Rogaland stilt seg bak forslaget.
– Berre i Sjøforsvaret skal det skje ei historisk oppbemanning med minst 1300 nye sjøfolk. Dette skjer samtidig som den sivile flåten signaliserar eit skrikande behov for personell, heiter det i framlegget.
Trur på store ringverknader
Venstre meiner ei satsing dei førespeglar, vil gi store ringverknader langs kysten.
– Dette vil ikkje berre bidra til vår nasjonale sikkerheit, men også styrke næringslivet og auke verdiskapinga i heile regionen. Vi har ikkje råd til å ikkje investere i den maritime beredskapen og vi har dårleg tid, heiter det vidare i uttalen.
For å møte utfordringane peikar partiet på fire punkt dei vil jobbe for:
- Styrka samarbeid: å styrke samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonar, maritimt næringsliv og Forsvaret, for å møte det auka behovet for maritim kompetanse og sikre nasjonal beredskap.
- Auka kapasitet i utdanninga: at det prioriterast å auke studieplassar innan maritime fag, samt tilrettelegge for raskare utdanningsløp og etter- og vidareutdanning for å møte både militære og sivile behov.
- Investering i maritim infrastruktur: At det støttast opp under nasjonale investeringar i maritim infrastruktur og kompetanseutvikling, med særleg søkelys på bygging og vedlikehald av fartøy ved norske verft og utvikling av nasjonalt forsvarsmateriell på Vestlandet.
- Oppbygging av reservestyrker: At det vert arbeida for ei etablering av eit program for resertifisering og kompetanseheving for allereie utdanna sjøfolk og offiserar, slik at dei raskt kan bidra til å styrke nasjonen si reservestyrke.
Utfordra forsvarsministeren
Fleire aktørar har teke tak det auka behovet for folk med maritime utdanningar. Frp-leiar Sylvi Listhaug utfordra nyleg forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Ap) om finansiering av eit tilbod der NTNU Ålesund er med.
Ho var ikkje nøgd med svaret ho fekk frå statsråden – og sa det stod høgt på hennar liste over saker ho vil ta tak i ved eit eventuelt regjeringsskifte.
Bakgrunnen for behovet er i første rekke auka satsing på bygging av skip til sjøforsvaret.
Før sommaren kan avgjerda om ein flåteplan og val av leverandørar til dei første kontraktane kome på plass. Det gjeld til saman 28 større og mindre fartøy som skal byggast dei neste åra. Det skal også byggast fem fregattar.
Publisert: 03.02.2025 15:30
Sist oppdatert: 04.02.2025 10:19