Vil ha nye eigarar inn i det nye Kleven styret
NYE KLEVEN: Finansdirektør Ola Beinnes Fosse (t.h.) er styreleiar i Nye Kleven Verft, men avventar med å utvide til ein får inn represenntantar for nye verftseigarar. Her er Beinnes Fosse saman med verftsdirektør Kjetil Bollestad. 
Nytt

Vil ha nye eigarar inn i det nye Kleven-styret

Hurtigrutens finansdirektør har overtatt som styreleiar i gamle Kleven. Avventar å oppnemne fullt styre i Nye Kleven.

03.10.2019
- Det er berre av praktiske grunnar at eg står oppført som styreleiar for Nye Kleven Verft.
- Det måtte stå eit namn i Brønnøysundregistra, og då var det greit at mitt namn stod der.
Det seier finansdirektør Ola Beinnes Fosse på Kleven, som er styreleiar i selskapet Nye Kleven AS.

Til sals

Nye Kleven er det nye selskapet som er oppretta for å drive verftet vidare. Selskapet er til sals, og vert i ein overgangsperiode kontrollert av Hurtigruten og bankane.

I Nye Kleven ligg anlegga, deler av låna, samt dei tilsette på opphavlege Kleven.
Namnet vert også med, slik at selskapet Nye Kleven AS vil heite Kleven Verft AS.
Det er også dette selskapet som har skrive kontrakt om ei stor ombyggingskontrakt på ein trål/snurrvadfartøy for NornesGruppen, eit prosjekt som er i samarbeid med Vegsund Slip.

Ventar på nye eigarar

Beinnes Fosse seier at ein håper på å få dei nye eigarane av Kleven Verft inn i styret i det nye selskapet.
- Det er ikkje noko som er avklara enno, men ettersom Hurtigruten ønskjer å selje seg ut, hadde det vore fint om vi hadde representantar for nye eigarar i det nye styret.
Han seier at det ikkje er noko nytt rundt sal av selskapet, og at ein før eller seinare må få plass eit fullt styre for Nye Kleven AS.
Han seier at i ein overgangsperiode er det i praksis styret i gamle Kleven som fungerer som styre også i Nye Kleven.
- Det er mykje papirarbeid som foregår i samband med restruktureringa, men ting er no i ferd med å falle på plass.

God erfaring med kjøp og sal

I styret for gamle Kleven har Hurtigrutens finansdirektør Torleif Ernstsen nyleg overtatt som styreleiar.
Ernstsen er siviløkonom med spesialisering innan finans og statsautorisert revisor, og kom til Hurtigruten frå stillinga som direktør i corporate finance-avdelinga ved Carnegies Oslo-kontor.
Ernstsen var også rådgivar for TDR Capital under kjøpet av Hurtigruten, så han har god erfaring frå kjøps- og salsprosessar.
Han overtar som styreleiar for , som hadde vervet frå hausten 2018.
I styret i gamle Kleven sit også Olav Haugland, tidlegare finansdirektør i Farstad Shipping.

Skal få ferdig Fridtof Nansen

Styremedlem er også Tom Einertsen, som har mangeårig erfaring frå selskap som Kværner og Aker Yards, samt tidlegare Kleven-direktør , som tidlegare har vore prosjektdirektør for Hurtigrutens nybyggingsaktivitet.
I tillegg er tilsetterepersentantane Alf Johan Antonsen, Frank Hauge og Olav Høydalsvik styremedlemar i gamle Kleven.
Viktigaste oppgåva i utgangspunktet for dette selskapet er å sluttføre bygginga av MS Fridtof Nansen, eit skip som etter planen skal leverast i slutten av året.
Ettersom Hurtigruten ønskjer å selje seg ut, hadde det vore fint om vi hadde representantar for nye eigarar i det nye styret

Publisert: 03.10.2019 14:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:40