Krabbe hummar
TEINEFISKE: Fiskeridirektoratet kontrollerer fleire teiner langs kysten enn nokon gong tidlegare, men ser lite betring. No ser dei etter andre løysingar. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Vil ha nye tiltak for å få bukt med ulovleg teinefiske

Fiskeridirektørane ser lite betring, og det er mange ulovlege teiner til sals.

NPK
30.07.2021

Fiskeridirektoratet kontrollerer fleire teiner langs kysten enn nokon gong tidlegare, men ser lite betring. No ser dei etter andre løysingar.

– Eg kan dessverre ikkje seie at det er så mykje betre no enn det var for fire år sidan. Det er forferdeleg mange teiner som blir beslaglagde, seier inspektør Jim Anders Edvardsen til NRK.

Ulovlege teiner til sals
Inspektøren trur det er fleire grunnar til at situasjonen ikkje betrar seg. Han oppmodar folk til å setje seg inn i lovverket, men fortel at ein del av problemet er at mange av teinene som er til sals, er ulovlege.

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) synest det er trist at inspeksjonane ikkje fører til ei betring.

– Det er sånn sett veldig beklageleg, det handlar både om dyrevelferd og at vi skal ta vare på dei marine ressursane vi har. Sjølv om ein har eit sjølvstendig ansvar for å setje seg inn i reglane, har vi eit ansvar for å informere godt nok, og at reglane er lett tilgjengeleg, seier han til NRK.

Vil ha informasjonsbrosjyrar
Både inspektør Edvardsen og ministeren trur informasjonsbrosjyrar til dei som kjøper teiner kan vere ei god løysing.

– Fiskeridirektoratet har frå og med i år fått betydelege ressursar til å styrkje ressurskontrollen på veldig mange område. Eg går ut frå at det må vere ei smal sak for dei å lage brosjyrar, seier Ingebrigtsen.

Publisert: 30.07.2021 13:22

Sist oppdatert: 30.07.2021 16:03