Vil ha satsing paa hydrogen i M R
HYDROGEN: Møre og Romsdal Høgre meiner at fylket har gode føresetnader for å bli leiande på hydrogen. Her er konstruksjonssjef Kåre Nerem ved Fiskerstrand Verft, som er i front på utvikling av hydrogendrivne ferjer. 
Nytt

Vil ha satsing på hydrogen i M&R

Møre og Romsdal Høgre meiner at fylket bør vere eit føregangsfylke for satsing på produksjon og bruk av hydrogen i transportsektoren, samt utvikling av hydrogenteknologi. 

Kristin Vidhammer
16.02.2018
Dei ynskjer også at Noreg skal legge meir til rette for satsing. Dette kjem fram i ein resolusjon frå Møre og Romsdal Høgre sitt årsmøte i Ålesund i helga.
- Det grøne skiftet er kome og er ein avgjerande del av omstillinga av Noreg. Per i dag planlegg Noreg å utføre det grøne skiftet gjennom ei elektrifisering - «alt skal nytte elektrisitet». Gjennom betre nytting av energikjelder og økt satsing på hydrogen, har Møre og Romsdal sjansen til å bli eit pionérfylke i Noreg på området. Med vår infrastruktur, vår maritime næring og våre fornybare energikjelder, har Møre og Romsdal gode føresetnader for å bli leiande på feltet, både nasjonalt og internasjonalt, skriv dei i resolusjonen.

Stort potensial i fylket for bruk av hydrogenteknologi

Dei påpeikar at om ein legg om til eit elektrisk nullutsleppsamfunn, er det bra, men at det gjev store utfordringar knytt til kraftnettet og leveringssikkerheita. Hydrogen er ein energikjelde som kan lagrast og nyttast og som kan utnytte sol-, vind- og vasskraft, og ikkje minst overskotskraft, meir effektivt.
- Møre og Romsdal har – med våre store ressursar på fornybar energi - eit stort potensial til å vere eit føregangsfylke for bruk av hydrogenteknologi. Med ei stor maritim næring er det rom for satsing på og utvikling av nye grøne energiberarar. Det finnes allereie fleire prøveprosjekt med bruk av hydrogen på ferjer. Møre og Romsdal Høgre meiner at det bør utvidast til større delar av den maritime sektor, skriv dei i resolusjonen.

Møre og Romsdal Høgre vil at:


  • Møre og Romsdal skal satse på hydrogenteknologi/produksjon
  • Det skal leggast til rette for bruk av hydrogen i transportsektoren
  • Det skal satsast tungt på bruk av hydrogen i maritim sektor
  • Enova skal sikrast gode verkemidlar for utbygging av infrastruktur for hydrogen
  • Det skal legges til rette for pilotprosjekt for utprøving og bruk av hydrogen i Møre og Romsdal

Styret i Møre og Romsdal Høgre består av Dag Olav Tennfjord (leiar), Monica Molvær (nestleiar), Britt Janne Tennøy, Helge Orten, Charles P. Tøsse, Per Magne Waagen, Marianne Synnes, Vetle Wang Soleim og Falk Daniel C. Låmar Øveraas. Odd Harald Karlsen er dagleg leiar.

Publisert: 16.02.2018 09:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18