Jon Steven Hasseldal kreditering politiet
ÅLESUND: Jon Steven Hasseldal, er foreslått som ny kommunedirektør i Ålesund. Foto: Politiet
Nytt

Frå UP til toppstilling i Ålesund

Jon Steven Hasseldal, sjef for Utrykningspolitiet, er foreslått til å overta etter Astrid Eidsvik som kommunedirektør i Ålesund.

23.06.2021

Det er klart etter at rekrutteringsutvalet i Ålesund kommune har levert si innstilling til formannskapet og kommunestyret, og foreslår at Jon Steven Hasseldal blir ny kommunedirektør for Ålesund kommune.

Endeleg vedtak blir gjort i dei politiske møta som skjer 24. juni, opplyser kommunen i ei pressemelding.

Det var seks personar som søkte på stillinga, og tre namn er offentlege:

  • Bente Glomset Vikhagen, assisterande kommunedirektør
  • Rune Hovde, sjølstendig konsulent
  • Jon Steven Hasseldal, sjef utrykningspolitiet

- Den beste kandidaten
Det er tre namn som er unnateke offentlegheit, og to av desse søkarane har trekt sin søknad undervegs i prosessen.

Eit samstemt rekrutteringsutval tilrår til formannskapet at Jon Steven Hasseldal er den beste kandidaten som ny kommunedirektør for Ålesund kommune. Jon Steven Hasseldal er 51 år, bur på Kolbjørnsvik og er sjef for utrykningspolitiet.

Måtte gå som politisjef
Hasseldal vart utnemnd til politimeister i Øst politidistrikt i november 2015, i ein åremålsperiode på seks år.

Han gjekk av som politimeister i 2019 etter at han hadde innleia ein relasjon til ein av sine underordna. Han overtok i staden som sjef for Utrykningspolitiet.
Bakgrunnen for endringa er at noverande kommunedirektør Astrid Eidsvik blir pensjonist frå 1. juli. Rekrutteringsutvalet har sidan mars 2021 arbeidd med utlysing og rekruttering.

I rekrutteringstvalet sit ordførar Eva Vinje Aurdal, varaordførar Vebjørn Krogsæter, Dag Olav Tennfjord (H) og Wenche Gausnes Aasen (FrP). I tillegg er hovudtillitsvald Jann Ove Ertresvåg med, og stabssjef for personal og organisasjon Roar Reiten. Rekrutteringsbyrået Headvisor AS har bistått kommunen i prosessen.

Publisert: 23.06.2021 13:50

Sist oppdatert: 23.06.2021 14:03