I 2016 vart Oslo-ruta frå Ørsta/Volda gjort om til ei kommersiell rute, utan støtte. Trafikken var så stor at den ikkje kvalifiserte til å vere ei flyrute som skulle få statleg støtte, meinte regjeringa.
I april i år kom ruta på ny inn under støtteordninga, og slik bør det vere også framover, meiner fylkeskommunen.
I ei pressemelding skriv fylkeskommunen at fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal har sendt eit brev til Samferdselsdepartementet der han ber om at Oslo-ruta blir omfatta av støtteordninga også i framtida.
Då ruta vart gjort om til ein rein kommersiell rute i 2016 blei billettane dyrare og trafikken fall. " for innbyggarar og næringsliv har kommersialiseringa gitt ein negativ effekt på konkurransekrafta i regionen.", skriv fylkeskommunedirektøren i brevet.
Publisert: 24.11.2021 12:26
Sist oppdatert: 24.11.2021 12:30