Ørsta volda lufthamn
DYRARE: Då flyruta Oslo-Ørsta/Volda ikkje lenger fekk støtte, steig prisane og trafikken fall, noko regionen tapte på, skriv fylkeskommunedirektøren i eit brev til Samferdselsdepartementet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vil ha støtte til Oslo-rute

Flyruta Oslo-Ørsta/Volda må få statstøtte i neste anbodsrunde, krev fylkeskommunen.

24.11.2021

I 2016 vart Oslo-ruta frå Ørsta/Volda gjort om til ei kommersiell rute, utan støtte. Trafikken var så stor at den ikkje kvalifiserte til å vere ei flyrute som skulle få statleg støtte, meinte regjeringa.

I april i år kom ruta på ny inn under støtteordninga, og slik bør det vere også framover, meiner fylkeskommunen.

I ei pressemelding skriv fylkeskommunen at fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal har sendt eit brev til Samferdselsdepartementet der han ber om at Oslo-ruta blir omfatta av støtteordninga også i framtida.

Då ruta vart gjort om til ein rein kommersiell rute i 2016 blei billettane dyrare og trafikken fall. " for innbyggarar og næringsliv har kommersialiseringa gitt ein negativ effekt på konkurransekrafta i regionen.", skriv fylkeskommunedirektøren i brevet.

Publisert: 24.11.2021 12:26

Sist oppdatert: 24.11.2021 12:30