Det seier dagleg leiar Randi Paulsen Humborstad i Måløy Vekst før eit møte med samferdsleminister Knut Arild Hareide.
Møtet vert neste onsdag i Oslo, og der stiller blant anna Stad-ordførar Alfred Bjørlo, Rolf Domstein som er leiar i styringsgruppa for skipstunnelen, i tillegg til Paulsen Humborstad.
- Vi vil ha klare svar frå Hareide. Han er ein av dei politikarane som har vore ivrigast til å støtte prosjektet, og vi vil vite om dette har endra seg etter at han vart statsråd.
Humborstad seier at denne siste kvalitetssikringa kom overraskande etter at samferdsleprosjektet tidlegare har vore gjennom eit tjuetals utgreiingar.
Fleire har kalla det bevisst trenering, blant anna Maritimt Forum Nordvest.
- Vi forventar oppstartsmidler på neste års statsbudsjett og byggestart for Stad skipstunnel i 2021.
- Hareide kjem sjølv frå Bømlo, der det er stor oppslutnad om prosjektet, og den første som lanserte idèen om ein skipstunnel gjennom Stad midt på 1980-tallet, var fiskaren Johannes Baldersheim, som også kom frå Bømlo, seier Humborstad.
- Det er mange som har kome med lovnader om å støtte prosjektet, som er gryteferdig og klar til å påstartast i 2021.
- Blant anna gjeld det Venstre, som no sit i regjering, og som har to ordførarar i Norge, der den eine er ordførar i Vanylven, den andre i Stad, to svært sentrale kommunar for tunnelen.
Humborstad synst også det er påfallande at et så viktige prosjekt for næringsliv og verdiskapning på kysten blir dratt gjennom utallige kvalitetssikringsprosesser og kostnad-nytte analyser, og synest å måtte kvalitetssikrast meir enn prosjekt i Oslo.
- Med ein kostnad på 2,7 milliardar kroner er Stad skipstunnel eigentleg ikkje eit svært dyrt samferdsleprosjekt.
- Skipstunnelen kostar ikkje stort meir enn det kosta å byggje parkeringskjellaren til Stortinget.
Møtet vert neste onsdag i Oslo, og der stiller blant anna Stad-ordførar Alfred Bjørlo, Rolf Domstein som er leiar i styringsgruppa for skipstunnelen, i tillegg til Paulsen Humborstad.
Eit tjuetals utgreiingar
Bakgrunnen er beslutninga om endå ei utgreiing om skipstunnelen, og frykta for at prosjektet likevel ikkje vert oppstarta i 2021.- Vi vil ha klare svar frå Hareide. Han er ein av dei politikarane som har vore ivrigast til å støtte prosjektet, og vi vil vite om dette har endra seg etter at han vart statsråd.
Humborstad seier at denne siste kvalitetssikringa kom overraskande etter at samferdsleprosjektet tidlegare har vore gjennom eit tjuetals utgreiingar.
Fleire har kalla det bevisst trenering, blant anna Maritimt Forum Nordvest.
Stor støtte på Bømlo
Humborstad seier at ho forventar full støtte frå Hareide, men vil vite meir om framdrifta til prosjektet.- Vi forventar oppstartsmidler på neste års statsbudsjett og byggestart for Stad skipstunnel i 2021.
- Hareide kjem sjølv frå Bømlo, der det er stor oppslutnad om prosjektet, og den første som lanserte idèen om ein skipstunnel gjennom Stad midt på 1980-tallet, var fiskaren Johannes Baldersheim, som også kom frå Bømlo, seier Humborstad.
Venstre-fallhøgde
Men det er ikkje berre Hareide som har skaffa seg stor fallhøgde om prosjektet no vert utsett, ifølgje Humborstad.- Det er mange som har kome med lovnader om å støtte prosjektet, som er gryteferdig og klar til å påstartast i 2021.
- Blant anna gjeld det Venstre, som no sit i regjering, og som har to ordførarar i Norge, der den eine er ordførar i Vanylven, den andre i Stad, to svært sentrale kommunar for tunnelen.
Humborstad synst også det er påfallande at et så viktige prosjekt for næringsliv og verdiskapning på kysten blir dratt gjennom utallige kvalitetssikringsprosesser og kostnad-nytte analyser, og synest å måtte kvalitetssikrast meir enn prosjekt i Oslo.
- Med ein kostnad på 2,7 milliardar kroner er Stad skipstunnel eigentleg ikkje eit svært dyrt samferdsleprosjekt.
- Skipstunnelen kostar ikkje stort meir enn det kosta å byggje parkeringskjellaren til Stortinget.
Skipstunnelen kostar ikkje stort meir enn det kosta å byggje parkeringskjellaren til Stortinget
Publisert: 15.08.2020 05:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01