Vil ha vekk forslaget om kvotebank
GOD TONE: Det var iallfall god tone innleiingsvis mellom fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik og assisterande direktør Jan Ivar Maråk i Fiskebåt. 
Nytt

Vil ha vekk forslaget om kvotebank

Fiskebåt Vest inviterte fiskeriministeren til Ålesund for å seie si meining om kvotemeldinga.

Marius Rosbach
29.10.2019
Fiskebåt Vest samla seg fredag til årskonferanse i Ålesund der kvotemeldinga var den store saka. Nyslått fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik hadde teke turen for å forsvare meldinga og høyre på kva for innvendingar næringa hadde.
Stortingsmelding nr. 32 med namnet «Et kvotesystem for økt verdiskapning» blei lagt fram i sommar. Her foreslår regjeringa å erstatte dagens system for fordeling av fiskekvotar, med eit system der fiskarane får fiskeriløyve og kvar båt får ein kvotefaktor som fortel kor stor del av den totale kvoten fartøyet kan fiske.
Omlegginga skal gi betre oversikt og forenkle fordelinga av kvotane i framtida.

Les også

:

Fryktar ordninga eser ut

Assisterande direktør Jan Ivar Maråk i Fiskebåt var klar då han konkluderte etter ein gjennomgang av saka.

– Vi meiner det er mykje positivt i meldinga – men det strandar på forslaget om ein statleg kvotebank og økt varigheit på strukturkvoten, sa han og bad Nesvik legge vekk den delen av forslaget.
Motstanden mot ei statleg kvotebehaldning har mykje å gjere med usikkerheit om kva ordninga vil utvikle seg til i framtida. Maråk frykta at bruken vil bli meir omfattande om den først blir innført.
– Det skapar usikkerheit i næringa for at den vert vesentleg større enn det er lagt opp til, sa Maråk.
Han peika på at dei fleste organisasjonane som har uttalt seg, har vore negative til denne delen av forslaget.

– Absurd tanke

Maråk meinte meldinga i beste fall var vag på kva som skulle skje med tilbakefall av strukturkvotane i framtida.
– Det logiske vil vere at alt tilbakefall av strukturkvoter skal tilfalle Statens kvotebeholdning, men det er samtidig ein absurd tanke for næringa, sa Maråk.
Om næringa fekk forsikringar om at tilbakefallet av strukturkvotar skal skje til fartøygruppene, meinte han dei kunne strekke seg på andre område.
– Då må vi kanskje vere villige til å diskutere større deltaking frå næringa si side, til å finansiere staten sine utgifter til fiskeriforvaltninga, sa han.

Moderat endring meiner Nesvik

Fiskeriminister Nesvik påpeika at han kom til møte som statsråd og at hans rolle i første omgang var å forsvare regjeringa sitt forslag.
Han var ærleg på at noko av bakgrunnen for endringane, var å auke næringa sitt bidrag i forvaltninga.
– Bidraget er på kring to milliard i dag, og forslaget utgjer etter våre berekningar ei auke på kring 100 millionar. Eg meiner det er moderat, sa Nesvik.
Fiskeriministeren var ikkje overraska over kvar motstanden kom.
– Eg har hatt nokre slike møter den siste tida. Tilbakemeldingane er mykje av det same. Dei fleste er stort sett nøgd, men så er det spesielt dette med kvotebehaldning og usikkerheit kring dette med tilbakefall som går igjen, sa Nesvik til NETT NO.
Han anslår at saka kjem til behandling i Stortinget kring påsketider neste år.
(ekstern lenke til pdf)
(ekstern lenke)

Publisert: 29.10.2019 11:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38