Vil halde kontakt med Kongsberg tillitsvalde
HAR DIALOG: Næringsminister Iselin Nybø (V) påpeiker at ho allereie har dialog med Kongsberg Maritime om situasjonen for avdelinga i Ulsteinvik.
Nytt

Vil halde kontakt med Kongsberg-tillitsvalde

Men næringsministeren påpeiker at leiinga veit best korleis dei skal utnytte ressursane i selskapet.

Marius Rosbach
02.11.2020
Næringsminister Iselin Nybø vil ikkje gripe inn eller legge seg opp i korleis Kongsberg Maritime styrer «butikken». Det kjem fram i eit svar frå statsråden frå eit skriftleg spørsmål frå Else-May Norderhus (Ap) i Stortinget.
Norderhus ville vite med leiinga og dei tillitsvalde for å undersøke kva moglegheiter som finst for å redde arbeidsplassane ved maskineringsavdelinga i Ulsteinvik.
Det er uro lokalt om følgjande av å legge ned avdelinga og flytte oppgåvene utanlands. I september gjekk dei tillitsvalde ut og fortalde at planane ville råke kring 20 tilsette, og fleire indirekte.

Har allereie dialog

Næringsministeren viser til at ho allereie har hatt kontakt med dei tilsette sine organisasjonar og leiinga i selskapet, fleire gonger. Seinast under Nybø sitt besøk til Ulsteinvik i haust, fekk ho vite meir om situasjonen.
Nybø legg til at ho har forståing for at dei tilsette kan vere bekymra, og at ho vil halde fram med å ha kontakt, heiter det i .
Likevel påpeiker ho at det er styret og leiinga i Kongsberg Gruppen som skal vurdere korleis verksemda vil vere mest konkurransedyktig, og korleis ressursane kan nyttast best mogleg over tid.

Dårleg lønnsemd er årsaka

Administrerande direktør Egil Haugsdal i Kongsberg Maritime stadfesta at dei har lagt ein strategi som betyr at maskinering av standardprodukt skal settast ut.
Bakgrunnen var at dei slit med lønsemda i produksjonen i Ulsteinvik. Samtidig påpeika Haugsdal at dei vil satse vidare på propulsjon som eit kjerneområde.
Konsernet har vore nøydd til å redusere arbeidsstokken betydeleg dei siste åra. Også etter at Staten gjekk inn som eigar har det blitt færre tilsette i fleire av Kongsberg Maritime-avdelingane på Nordvestlandet.

Les også:




Publisert: 02.11.2020 05:55

Sist oppdatert: 07.04.2021 18:33