Rune Frostad Pretio Foto Ogne
GRUNNLEGGAR OG STØRSTE EIGAR: Rune Frostad. I 2028 er målet 400 millionar kroner i driftsinntekt og 37 tilsette. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vil hente 80 millionar til kollagenfabrikk

Skal gjere fiskebein til god butikk.

16.03.2024

Det er selskapet Pretio som er ute i marknaden for å få med investorar.

Selskapet skal lage kollagen for helsekostmarknaden og protein for kjæledyrmarknaden og havbruksnæringa, basert på restråstoff frå torsk, sei og hyse.

Alt råstoffet skal brukast, men det er fiskebein som bli det viktigaste.

Ifølgje selskapet har det utvikla ein unik metode for å bryte ned protein i fiskebein til mindre delar - peptidar - og ende opp i eit produkt utan lukt og smak.

Målet er både å tene pengar på kollagenproduksjonen, men og å medverke til å auke verdien av restråstoff frå fiskeria.

Dette er kollagen

Kollagen er eit protein som hjelper oss med å halde oss sterke og smidige.

Kollagenmengda i kroppen minkar med alderen og kollagentilskot blir marknadsført som eit middel som blant anna motverkar leddsmerter og gir glattare hud, ifølgje forskingsinstuttet Nofima.

Kollagen blir og brukt til medisinske formål, for eksempel sårheling mot brannskadar, eller for å stoppe blødningar i kirurgiske prosedyrer.

Det manglar førebels vitskaplege studiar som dokumenterer effekten. Førebels støttar produsentane seg til enkeltpersonar sine erfaringar, og den enorme etterspørselen gjer at stadig fleire produkter kjem i sal, skriv Nofima på si nettside.

Siktar mot bedriftsmarknaden
Pretio siktar mot ein veksande globale bedriftsmarknad, der kundane er bedrifter som sel kollagen, eller produkt med kollagentilsetting under eigne varemerke i forbrukarmarknaden.

Dagleg leiar, medgrunnleggar og medeigar Rune Frostad står i spissen for satsinga.

– Målet er å nå 400 millionar kroner i driftsinntekt i 2028 og positiv kontaktstraum allereie frå 4 kvartal 2025, seier Frostad.

Converto i Ålesund er hyra inn som rådgivar og meklarselskapet Norse Securities er tilretteleggar av kapitalutvidinga, som selskapet allereie er i gang med.

Verdsett til 122 millionar
– Pretio er på jakt etter investorar som har eigeninterresse i å skape høgare verdiar av restråstoffa i næringa, og som vil bidra til ei utvikling av selskapet som del av næringa sine framtidige verdikjeder. Vi ser etter dei strategiske industrielle investorane, seier Frostad.

80 millionar kroner vil gi ein samla eigardel på 65,5 prosent, som betyr at selskapet blir verdsett til 122 millionar kroner etter kapitalutvidinga.

Pengane skal gå dels til å finansiere produksjonsutstyr, dels til å oppbemanning og marknadsarbeid.

14 eigarar i dag
Før kapitalutvidinga har Pretio 14 eigarar, der Rune Frostad er størst med 19,33 prosent.

Han har tidlegare arbeidd for mellom andre selskapet Kitin, som skulle drive krillfiske i Antarktis. Han har vore dagleg leiar for prosess og utstyrslevandøren Carsoe Norge og ansvarleg for selskapet si verksemd inn mot marknaden for bearbeiding av flytande produkt.

Frostad har og vore teknisk sjef hos omega3-selskapet Epax.

Leigeavtale i Ålesund
Pretio har ein leigeavtale i Fjordgata på Aspøya i Ålesund med Fjordlaks-eigarane sitt selskap Cape Invest.

Bygget har tidlegare vore bruk til omega3-produksjon basert på restråstoff og avskjær frå fiskerinæringa, og kan brukast som produksjonslokale straks produksjonsutstyret er på plass.

Frostad seier Pretio allereie har samarbeidsavtalar med fiskeriselskap om leveransane av råstoff. Går alt etter planen vil selskapet har 37 tilsette i 2028.

I første omgang planlegg Pretio å få levert råstoff til Ålesund, men på lengre sikt er det aktuell med mottak fleire stadar der råstoffet kan delvis bearbeidast før vidare frakt til anlegget i Ålesund.

Publisert: 16.03.2024 05:00

Sist oppdatert: 15.03.2024 16:41