Hotel union geiranger montasje mjelva foto ogne marius 11
REKRUTTERINGSUTFORDRING: Sindre Mjelva er eigar og vertskap på Hotel Union Geiranger, som aukar bemanninga kraftig i høgsesongen. Han ønskjer at det skal bli enklare å rekruttere også utanfor Europa. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vil hente tilsette utanfor Europa

Hotel Union Geiranger-sjef Sindre Mjelva ber regjeringa opne for arbeidskraft, for eksempel frå Filippinene.

25.05.2021

Sindre Mjelva kom med oppmodinga om å få kunne rekruttere utanfor EU/EØS-området på eit nettmøte mellom finansminister Jan Tore Sanner og fleire aktørar frå næringslivet på Nordvestlandet i dag.

Det har blitt meir krevjande å rekruttere tilsette, sa Mjelva på møtet. Det er grunnen til at han ønskjer at det skal bli lettare å rekruttere tilsette frå land lenger unna.

Avtale om fire-fem år
Den demografiske utvikling, med ein aukande andel eldre, kombinerte med erfaringane per i dag, gjer at Mjelva meiner behovet for å kunne rektruttere fleire utanfor EU/EØS-området ikkje er mange år unna.

- Om fire-fem år burde det vere inngått bilaterale avtalar (avtale mellom to partar, red. merk) for eksempel med Filippinene, seier han til NETT NO.

Må prioritere
Mjelva seier han er klar over at han vil blir møtt med argumentet at det berre er å auka lønene, så løyser rekrutteringsproblemet seg.

- Med marginane i vår næring har vi ikkje råd til det, seier han.

Reiselivet blir nøydd til å prioriterte kva arbeidsoppgåver det skal rekruttere til frå Noreg, meiner Mjelva, og peikar spesielt på at det er viktig å ha kompetansen om norsk mat og matlaging.

Publisert: 25.05.2021 16:40

Sist oppdatert: 02.06.2021 12:28