Fjøs foto MR fylke
MJØLK: Snart kjem krav om 16 veker utegang for mjølkekyr, og i 2034 kjem krav om lausdrift for kyr. No får mjølkebøndene hjelp til å omstille seg. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommuneo
Nytt

Vil hjelpe mjølkebønder frå bås til lausdrift

Over halvparten av mjølkebøndene i Møre og Romsdal har båsdrift. No vil fylket hjelpe bøndene over til lausdrift.

25.10.2021

Bondeorganisasjonane fryktar at omstillinga til lausdrift fører til ein stor reduksjon i talet på mjølkeprodusentar. Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal vil hjelpe bøndene gjennom utfordringane, opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding.

Der går det fram at fylkeskommunedirektøren foreslår å løyve inntil 1,886 millionar kroner til eit prosjekt som skal gi råd om gunstige fjøsløysningar for bønder med båsfjøs som ønsker å bygge lausdriftsfjøs. Det er Landbruk Nordvest som på vegner av bondeorganisasjonane har søkt om midlar for å drive rådgiving for mjølkeprodusentar.

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet skal behandle saka i sitt møte tysdag.

Krav om utegang og lausdrift
Bakgrunnen for saka er at forskrifta om hald av norsk storfe er endra. Konsekvensen er at mjølkeprodusentar fram mot 2034 får ei rekke nye krav til driftsbygningane:

  • I 2024 kjem krav om kalvingsbingar/omsorgsbingar for alle kyr
  • I 2024 kjem krav om 16 veker utegang (beite/mosjon)
  • I 2034 kjem krav om lausdrift for kyr

Landbruk Nordvest skriv i søknaden om tilskot til «Byggprosjekt Møre og Romsdal 2021-2023» at det i dag er cirka 630 mjølkeprodusentar i Møre og Romsdal, der over halvparten driver i båsfjøs som ikkje tilfredsstiller krav som inntreffer i 2024 og 2034.

1910 årsverk
Utviklinga i næringa gir grunn til bekymring. «Om antallet melkeprodusenter går ned vil konsekvensene være redusert melkeproduksjon i Møre og Romsdal og at jordbruksareal går ut av drift i fylket», skriv Landbruk Nordvest i sin søknad. Dei viser til tal som Samfunnsøkonomisk analyse har laga for Tine, der det går fram at mjølkeproduksjonen i fylket skaper 1.910 årsverk og ei årleg omsetning på 1,53 milliardar kroner. Årsverka fordelar seg på 740 mjølkebønder, 320 meieritilsette og at bøndene og meieria skaper ytterlegare 850 årsverk i fylket.

Fylkeskommunedirektøren er uroa for utviklinga i næringa og skriv i saksframlegget: «Mjølkeproduksjonen er ein viktig berebjelke i verdiskapinga i landbruket i Møre og Romsdal. Vi er avhengig av også dei små og mellomstore bruka for å oppretthalde mjølkeproduksjonen i fylket og halde jorda i hevd. Det er derfor viktig å støtte opp under dette prosjektet som kan bidra til at små og mellomstore bruk er betre forberedt på framtida og at fleire kan få hjelp til å kartlegge moglegheitene på sitt bruk.»

Tilrådinga om løyving er avgrensa til 49,1% av det totale kostnadsoverslaget på 3.839.000 kroner.

Publisert: 25.10.2021 10:11

Sist oppdatert: 25.10.2021 10:19

Mer om