Vil ikkje stanse utbygging paa Haramsoey
AKSJONAR: Vindkraftutbygginga på Haramsøya på Sunnmøre har ført til store protestar.
Nytt

Vil ikkje stanse utbygging på Haramsøy

– Vi er skuffa, seier fylkesordføraren etter vindkraftmøte med energiministeren.

30.06.2020
(NPK-Anne Sigrid Hundere): Trass store forventingar innfridde ikkje olje- og energiminister Tina Bru (H) delegasjonen frå Møre og Romsdal sine forventningar om byggjestans på Haramsøya.
– Vi er skuffa fordi statsråden ikkje vil føreta ein stopp i utbygginga til ein går i gjennom konsesjonsbehandlinga på nytt. I møtet påpeika vi saksbehandlingsfeil og mangelfulle utgreiingar som ikkje følgjer forvaltningslova og energilova, seier Tove-Lise Torve (Ap), fylkesordførar i Møre og Romsdal til Nynorsk pressekontor.
Saman med Oline Kjerstad frå aksjonsgruppa Nei til vindkraft på Haramsøya, Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal og Anders Riise, Høgre sin gruppeleiar i fylkestinget, var ho ein del av Møre og Romsdal sin delegasjon som i dag møtte statsråden for å diskutere vindkraftutbygging på Haramsøya.

Torve: – Openberre feil

Torve seier ho trass i skuffelsen opplevde at Bru (H) var svært interessert i det dei hadde å komme med. Og ho er fornøgd med at statsråden har lova å sjå på saka på nytt.
– Vi lever i håpet om at dei vil sjå at det har blitt gjort openberre feil, seier Torve.
Stortinget vedtok nyleg at regjeringa skal vurdere om gjevne vindkraftkonsesjonar har følgd energilova og forvaltningslova sine krav.
– Det er kjempe frustrerande at ikkje departementet ser at det er naudsynt med stans av omsyn til lokalsamfunnet og folk sin tillit til offentleg forvaltning, seier aksjonsleiar Birgit Oline Kjerstad til i etterkant av møtet.

– Har vore grundige prosessar

Motvind Noreg har tidlegare denne månaden varsla at dei vil ta , og Haramsøya er eitt av dei.
Delegasjonen fekk beskjed frå statsråden om at det er domstolane som må ta stilling til ein stans i byggjearbeidet dersom dei tar saka til retten, og at det ikkje er noko ho eller departementet gjer no som kan stoppe prosessen på Haramsøya.
Ho seier vidare at ho ikkje har nokon grunn til å tru at saksbehandlinga har vore dårleg i denne saka eller at krava ikkje er følgt.
– Konsesjonen er gitt for mange år sidan og det har vore grundige prosessar. Det er vanskeleg for meg å kome til møtes ønske om at ein ikkje skal byggje det som har fått ein rett til å bli bygd ut, seier Bru til
Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) er samd med fylkesordføraren i at utfallet var skuffande og at forhåpningane var større enn resultatet, men seier til NRK at dei ikkje gir opp.

Vil halde trykket oppe

Fylkesordføraren i Møre og Romsdal, seier dei no vil halde trykket oppe mot departementet og statsråden og sikre at saka blir sett på så fort som mogleg. Torve seier at ho fryktar at Haramsøya blir notidas Altautbygging.
– Mange opplever at dei blir frårøva noko med vindturbinar. Dei er bekymra for fuglebestanden og rekreasjonsområdet sitt. Eg opplever at det er eit stort engasjement, der folk nyttar seg av sin demokratiske rett til å ytre motstand. Haramsøya har blitt den store symbolsaka for alle som er skeptiske til vindkraft på land, seier Torve til Nynorsk pressekontor.
(©NPK)
Det er vanskeleg for meg å kome til møtes ønske om at ein ikkje skal byggje det som har fått ein rett til å bli bygd ut

Publisert: 30.06.2020 22:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59