NTB EMG Ny1m R q Y
HAVOPPDRETT: Ocean Farming sitt anlegg utanfor kysten av Trøndelag. Illustrasjonsfoto: Ocean Farming
Nytt

Vil ikkje vente med oppdrett til havs

Havforskarar fryktar at fiskeoppdrett langt til havs kan skade den trua villaksen, men får lite gehør.

NPK
12.12.2022

Fiskeridirektoratet vil likevel ikkje kartleggje vandringa til villaksen.

Forskar Vidar Wennevik ved Havforskingsinstituttet fryktar at lakselus og rømming frå ei storstilt satsing på havbruk til havs kan skade villaksen.

– Særleg når villaksen no står på raudlista over truga artar, bør vi vere føre var og skaffe oss mest mogleg kunnskap på førehand før vi set i verk aktivitet som vil ha miljøverknad på laksen, seier han til NRK Vestland.

Storsatsing
Regjeringa varsla i november satsing på tre store havbruksområde i ope hav. Område utanfor Jæren, Trøndelag og Lofoten/Helgeland skal konsekvensutgreiast.

– Vi legg til rette for ytterlegare vekst i ei næring som alt gir store verdiar til fellesskapet, sa fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

Fleire tusen arbeidsplassar
Ein fersk Sintef-rapport anslår at mot år 2050 kan havbruk til havs og ringverknadseffektar gi 100 milliardar kroner i årleg verdiskaping og fleire tusen arbeidsplassar.

Då sa Skjæran at sameksistens med andre næringar og omsyn til gytefelt og oppvekstområde står heilt sentralt i prosessen. Han nemnde ikkje vandringsrutene for villaksen.

Veit lite
Wennevik seier at forskarane veit like om kvar norsk, svensk, dansk og britisk villaks vandrar gjennom norske farvatn på si årlege ferd mellom elvane og havområda for å beite.

– Vi har avgrensa kunnskap. Vi veit ein del om korleis laksen vandrar i fjordane, men når det gjeld oppdrett i havet er vi usikre, fordi vi ikkje kjenner vandringsrutene der, seier han.

Publisert: 12.12.2022 16:03

Sist oppdatert: 12.12.2022 16:07

Mer om