Vil jobbe med breidda i naeringslivet
VIL BYGGE PÅ DET MARITIME: Varaordførar Annika Brandal (t.v.) i Hareid og prosjektleiar Julie Sundgot Andersen i Vekst i Hareid.
Nytt

Vil jobbe med breidda i næringslivet

Nystarta prosjektleiar i Vekst i Hareid er i gong med arbeidet.

Marius Rosbach
24.06.2020
Julie Sundgot Andersen er nyleg komen i gong som prosjektleiar i Vekst i Hareid. Ho vart tilsett i vår, men grunna koronapandemien har det vore ein anna start enn venta.

Utfordringar med einsidig næringsliv

No er ho i full gong i arbeidet med prosjektet, som har som mål å skape nye arbeidsplassar og stimulere til utvikling hos eksisterande bedrifter – og etablering av nye.
– Hareid har mykje næringsliv som er retta mot det maritime. Det er flott, men vi ser også at i tider der den maritime industrien har utfordringar – som nå – så får det store konsekvensar med auka arbeidsløyse, seier Andersen til NETT NO.
Prosjektleiaren fortel at dei difor vil forsøke utvide breidde i næringslivet og legge til rette for vekst i nye bransjar.

Vil bygge på det maritime

Andersen trur det er mogleg å bruke kompetansen dei har i maritim næring, til andre tilgrensande næringar.
– Vi har ei genial plassering ved Storfjordbassenget og vi vil utnytte dei moglegheitene enno meir. Det seiast at havrommet er nøkkelen til framtida, mellom anna når det gjeld behovet for mineraler, energi og mat. Vi trur det gir oss moglegheiter, seier ho.
Mellom anna har næringsaktører i Hareid og omegn, i samarbeid med Norwegian Centre of Maritime Communication fått støtte til eit forskingsprosjekt, som skal jobbe fram ny teknologi for skipsfarten. Mellom planane er eit senter for autonom skipsfart.

– Mykje å hente

Prosjektleiaren påpeiker at dei framleis er tidleg i arbeidet, men i første omgang vil dei bygge nettverket mellom dei lokale bedriftene og verkemiddelapparatet sterkare.
– Her er det mykje å hente, både i forhold til å søke om midlar, men også kompetanseheving. Skal bedriftene i Hareid vere konkurransedyktige også i framtida, er dei heilt avhengig av rett kompetanse, seier Andersen.
Vekst i Hareid er eit prosjekt som er finansiert av kommunen, fylkeskommunen og næringslivet.
– Vi har sett i lengre tid at det er eit behov for tettare samarbeid mellom kommunen og næringsforumet i Hareid. Vekst i Hareid er eit positivt bidrag til dette, seier varaordførar Annika Brandal.

Les også:



Vi har ei genial plassering ved Storfjordbassenget og vi vil utnytte dei moglegheitene enno meir

Publisert: 24.06.2020 17:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58