Vil kjoepe og bygge for 750 millionar
VIL SAMLE MØRE OG ROMSDAL: Får Mørenett det som selskapet vil blir dei 11 nettselskapa i Møre og Romsdal samla i eitt. Mørenett planlegg investeringar på 400 millionar kroner i Romsdal og på Nordmøre dersom selskapet får overta kraftnettet Statnett eig der i dag. 
Nytt

Vil kjøpe og bygge for 750 millionar

Mørenett vil samle alle nettselskap i Møre og Romsdal i eitt selskap.

09.06.2020
Mørenett ventar på at NVE (Norges Vassdrag og Energidirektorat) skal seie ja til å skille 400 kilometer kraftnett på Nordmøre og i Romsdal ut frå Statnett, slik at Mørenett kan overta. Frå før kontrollerer Mørenett tilsvarande nett på Sunnmøre.
- Vi har skrive ein intensjonsavtale med Statnett om at vi skal kjøpe det transmisjonsnettet som Statnett eig i dag og som skal omklassiferast, seier administrerande direktør Rune Kiperberg i Mørenett.
Den avtalte prisen er omlag 350 millionar kroner, og det er denne investeringa som ligg bak at Tussa-eigarane har sagt ja til ein eventuell emisjon på 60-70 millionar kroner i Tussa. Tussa eig Mørenett saman med Tafjord, og ei så stor investering som Mørenett planlegg gjer at også Tussa som medeigar bør styrkje eigenkapitalen sin.

Finansiering på plass

Om det går som Kiperberg vil får Mørenett overta i Romsdal og på Nordmøre. Skjer det er planen å investere 400 millionar kroner i nettet der innan fem år.
Til saman er det snakk om ei investering på 750 millionar kroner. Finansieringa er på plass, seier Kiperberg. Opphavleg var planen å låne i bank og deretter går ut i obligasjonsmarknaden, men no er obligasjonplananen lagt på is.

Milliardinvesteringar på Sunnmøre

Mørenett ble etablert frå 2014, etter at Tafjord og Tussa slo saman sine nettselskap.
Etter det har Mørenett investert omlag ein milliard kroner i nettet på Sunnmøre og kutta dei årlege kostnadane med 65 millionar kroner samanlikna då selskapet blei etablert.

Inviterer til samanslåing

Kiperberg meiner Mørenett sine erfaringar viser at stordrift løner seg, og selskapet vil bli enda større.
Målet er eitt nettselskap for heile Møre og Romsdal. I dag er der 11, og Mørenett har invitert dei andre til ei samanslåing av alle saman.
Nettselskap er monopolselskap og underlagt eit regelverk som skal halde prisane til kundane i sjakk og belønne dei selskapa som driv mest effektivt.

Publisert: 09.06.2020 15:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58