Runde miljoesenter kuttar kostnader
VIL KUTTE: Regjeringa vil ogås i år kutte støtta til Runde Miljøsenter. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vil kutte støtte til Runde Miljøsenter

I fjor sikra budsjetforlik med SV tre millionar kroner til Runde Miljøsenter. Regjeringa foreslår støttekutt.

07.10.2024

Støtte til Runde MIljøsenter er ikkje med i framlegget til statsbudsjett for 2025 går det fram av framlegget frå Klima og miljødepartementet.

- Miljøsenteret er viktig for fylket og det er eit viktig bidrag fra Møre og Romsdal til den nasjonale forskinga og formidlinga. Eg meiner difor at vi som er fylkespolitikarar  må leggje til side partiskillelinene og stå saman. Regjeringen må få sjå at vi ikkje godtek rasering av viktige institusjoner i fylket, seier gruppeleiar Jonas Maas Nilsen i MDG Møre og Romsdal i ein uttale.

Han viser til at det er tredje gangen regjeringa forslår å kutte støtta til Runde Miljøsenter, og meiner det har gått prestisje i saka for regjeringa.

Då stortingsrepresentant Helge Orten (H) i fjor bad klima- og miljøministeren om ei grunngjeving for støttekuttet svarte Andreas Bjelland Eriksen (Ap) at senteret primært driv forsking og ikkje oppfyller kriteria for besøkssenter, som støtta er meint å finansiere.

Publisert: 07.10.2024 11:15

Sist oppdatert: 07.10.2024 11:15