Vil leige fly til baerplukkarar
JORDBÆR: Utanlandske sesongarbeidarar frå land utanfor EØS får reise inn til Noreg for å jobbe. Bærprodusentar vurderer no å chartre fly for å få sesongarbeidarar til landet. 
Nytt

Vil leige fly til bærplukkarar

Bærprodusentar vurderer no å chartre fly for å få sesongarbeidarar til landet.

08.05.2020
NPK: Onsdag blei det klart at utanlandske sesongarbeidarar frå land utanfor EØS får reise inn til Noreg for å jobbe.
For mange bønder har det vore mykje usikkerheit om det har vore mogleg å få nok arbeidskraft til sesongen.
Sjølv om det no er klart at utanlandske sesongarbeidarar frå land utanfor EØS får reise inn til Noreg for å arbeide, er det framleis mykje av det praktiske som må på plass.
Jordbærbonde Simen Myhrene seier til at han trur innteninga i år vil bli langt lågare enn normalt. Årsaka er at arbeidarane må i karantene, og smittevernet er krevjande. Dette gjer at bøndene får auka kostnader og at bæra blir dyrare.
– Det er mange kreative løysingar blant bøndene no for å få ein så god sesong som mogleg. Nokre har snakka om det å chartre eit fly for å få sesongarbeidarane på plass i tide, seier Jørn Haslestad, sekretær i Norges Bærdyrkerlag.

Publisert: 08.05.2020 10:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57