Vil laane inntil ein milliard
LÅN: Fjord1 blei børsnotert i august i år, markert med den tradisjonelle seremonien der nykomarar ringer børshandelen i gang. No er selskapet i marknaden for eit større obligasjonslån.
Nytt

Vil låne inntil ein milliard

Ferjereiarlaget Fjord1 møter norske og utanlandske investorar.

27.11.2017
Selskapet har engasjert DNB Markets, Nordea, Fearnley Securities og Sparebank1 Markets for å få hjelp til å finne investorar til eit fem-årige, usikra, obligasjonslån.
Møte med moglege investorar startar 6. november, og selskapet vil sjå både mot Noreg og utlandet for å få investorar med. I etterkant av møta vil selskapet vurdere om det skal ta opp lånet, skriv det i ei børsmelding.

Totalfinansieringspakke

- Det er ein del av ein totalfinansieringspakke. Planen er å låne inntil ein milliard kroner, seier konsernsjef Dagfinn Neteland om obligasjonslånet.
Selskapet arbeider og med ein bankavtale, og Neteland håpar å kunne legge fram heile finansieringspakken innan selskapet i slutten av november legg fram resultatet for tredje kvartal.

Store investeringar

Fjord1 er i gang med store investeringa i nye ferjer. NETT NO har tidlegare anslått at det er pr. i dag er snakk om investeringar for 2,3 milliardar kroner, med god sjanse for at det blir meir.
I tillegg til allereie inngåtte kontrakter er reiarlaget ute i marknaden for å få bygd ytterlegare fire-fem ferjer, som skal brukast på samband reiarlaget har vunne i Hordaland, i følgje Neteland.

Publisert: 27.11.2017 16:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15