I fjor sommar miste den tidlegare NRK-profilen faren sin Jann Petter Farstad. Han blei berre 67 år.
- Ein av dei siste dagane han levde, så sat han ilag med ein kompis. Han ville så gjerne heim på Lepsøya som var plassen som betydde alt for han. Ein skikkeleg patriot. Pappa sa til kompisen sin: «Vi bur eigentleg på ein veldig sentral plass, det er ti minutt frå hysefeltet og ti minutt frå krabbefeltet.»
- Det var heilt nydeleg å sitje og høyre på korleis dissa to kompisane såg verda, seier Farstad.
- Eg synst det er veldig givande å setje fokus på dei som forvaltar det som vi har fått frå dei før oss, seier Farstad.
No løftar ho fram mange av desse menneska langs kysten i podkast-serien «Lys i alle hus».
Jannicke Farstad slutta nyleg etter 17 år som journalist og programleiar i NRK, og vart i staden samfunnskontakt i rådgivingsselskapet Doxacom.
Her skal Farstad jobbe med å utvikle redaksjonelle saker på vegne av kundane, blant anna ved å produsere videoreportasjar og podkast. I tillegg skal ho arbeide med medierådgiving, beredskap- og krisehandtering, samfunnskontakt og presentasjonsteknikk.
Podkasten er utvikla av Doxacom, i samarbeid med innovasjonsselskapet ÅKP gjennom klyngene GCE Blue Maritime Cluster og NCE Blue Legasea.
- Eg kjende vel på eit tidspunkt at dette var det einaste eg hadde lyst å jobbe med. Som journalist er vi glade i å sjå verda fra ulike vinklar, og eg kjende vel på at det hadde vore kjekt å sjå verda frå ein litt anna vinkel enn eg hadde gjort i 17 år i NRK Møre og Romsdal.
Ho viser til veninna Trine Klemetsen, som starta bypatrioten i Ålesund.
- Ho sa då ho starta opp at alt ho gjer skal sørge for at sentrum av Ålesund blir ein litt betre plass å vere. Ho ville setje fokus på dei som sørga for det.
- Eg trur eg har litt den same drivkrafta til kysten. Eg vil at alt eg gjer skal løfte dei som prøver å skape liv langs kysten. Det er rett og slett veldig givande.
- Du må nok tilbake til krigen og åra 1940 til -45 for å finne noko som er så altomfattande som det som skjer no, seier Sævik.
Han er likevel sikker på at det er lys lenger framme, og oppmodar alle til å løfte blikket og sjå framover.
(ekstern lenke)
- Ein av dei siste dagane han levde, så sat han ilag med ein kompis. Han ville så gjerne heim på Lepsøya som var plassen som betydde alt for han. Ein skikkeleg patriot. Pappa sa til kompisen sin: «Vi bur eigentleg på ein veldig sentral plass, det er ti minutt frå hysefeltet og ti minutt frå krabbefeltet.»
- Det var heilt nydeleg å sitje og høyre på korleis dissa to kompisane såg verda, seier Farstad.
Løftar fram kystfolket
Ho seier at etterpå vart ho sitjande å tenke på alle små og store plassar langs kysten, som i dag er så sentrale for å nå tak i det vi menneska treng.- Eg synst det er veldig givande å setje fokus på dei som forvaltar det som vi har fått frå dei før oss, seier Farstad.
No løftar ho fram mange av desse menneska langs kysten i podkast-serien «Lys i alle hus».
Sævik og Hide
er eit intervju med den snart 80 år gamle, men like aktive, industrigründeren Per Sævik i Herøy, samt med Inge-Jonny Hide som har berga hjørnesteinsbedrifta Myklebust Verft i Sande frå nestenhavari.Jannicke Farstad slutta nyleg etter 17 år som journalist og programleiar i NRK, og vart i staden samfunnskontakt i rådgivingsselskapet Doxacom.
Her skal Farstad jobbe med å utvikle redaksjonelle saker på vegne av kundane, blant anna ved å produsere videoreportasjar og podkast. I tillegg skal ho arbeide med medierådgiving, beredskap- og krisehandtering, samfunnskontakt og presentasjonsteknikk.
Podkasten er utvikla av Doxacom, i samarbeid med innovasjonsselskapet ÅKP gjennom klyngene GCE Blue Maritime Cluster og NCE Blue Legasea.
Imponert over engasjement og kreativitet
Farstad seier at ho siste åra har latt seg fascinere av det engasjementet og den kreativiteten som ho har sett i bedrifter og blant gründarar som ho har møtt.- Eg kjende vel på eit tidspunkt at dette var det einaste eg hadde lyst å jobbe med. Som journalist er vi glade i å sjå verda fra ulike vinklar, og eg kjende vel på at det hadde vore kjekt å sjå verda frå ein litt anna vinkel enn eg hadde gjort i 17 år i NRK Møre og Romsdal.
Ho viser til veninna Trine Klemetsen, som starta bypatrioten i Ålesund.
- Ho sa då ho starta opp at alt ho gjer skal sørge for at sentrum av Ålesund blir ein litt betre plass å vere. Ho ville setje fokus på dei som sørga for det.
- Eg trur eg har litt den same drivkrafta til kysten. Eg vil at alt eg gjer skal løfte dei som prøver å skape liv langs kysten. Det er rett og slett veldig givande.
- Noko få nolevande har opplevd
I den siste podkasten seier Per Sævik at det er få nolevande folk som har opplevd i nærheita av den situasjonen vi har no.- Du må nok tilbake til krigen og åra 1940 til -45 for å finne noko som er så altomfattande som det som skjer no, seier Sævik.
Han er likevel sikker på at det er lys lenger framme, og oppmodar alle til å løfte blikket og sjå framover.
(ekstern lenke)
Eg vil at alt eg gjer skal løfte dei som prøver å skape liv langs kysten. Det er rett og slett veldig givande
Publisert: 30.04.2020 12:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56