Vartdal plast modulvogntog foto Marius
PRØVETUR: Modulvogntoget frå Vartdal Plast klarte utfordringane då dei var ute på oppdrag frå Norges Lastebileierforbund og Møre og Romsdal fylkeskommune. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vil opne for lange vogntog

Her vil fylket tillate lange vogntog.

25.03.2021

Møre og Romsdal Fylkeskommune har foreslått at ei rekkje fylkesvegstrekningar kan køyrast med ekstra lange vogntog.

Tidlegare i år har mellom andre Vartdal Plast testa ut strekninga mellom fabrikken på Vartdal i Ørsta og lakseslakteriet til Mowi på Eggesbønes i Herøy.

Lange vogntog betyr mellom anna at fabrikken kan transportere like mange fiskekasser som før, med færre bilar.

Her er strekningane fylkeskommunen ber Vegdirektoratet opne for lengre vogntog:

Fv. 62 Sunndalsøra-Hjelset

Fv. 6232 Årødalen-Skaret-Malmedalen

Fv. 64 Malmefjorden-Åndalsnes (blir opna til industriområde i Malmefjorden)

Fv. 64 Eide (kryss fv. 532)-Kristiansund

Fv. 6072 Bruhagen-Kryss Kristvikvegen (Averøy)

Fv. 532 Høgset-Eide

Fv. 65 Trøndelag grense Rindal-Skei (Surnadal)

Fv. 6156 Hamnesvegen fra kryss fv. 65 (Surnadal)

Fv. 670 Skei (Surnadal) via Kvanne-Rykkjem til Ålvundbrua (Sunndal)

Fv. 680/669 Byskogen (Kristiansund)-Sandvika ferjekai

Fv. 653 Garnes-Furene (Eiksundsambandet)

Fv. 654 Dragsund - Eggesbø

Fv. 61 Solevågseidet - Garnes-Dragsundbrua (Ulstein)

Fv. 5886 Hareid-Hjørungavåg

Fv. 6210 Spjelkavik-Blindheim

Fv. 6218 Blindheim industriområde

Fv. 5946 Alvikvegen-Spjelkavik

Fv. 534 Breivika-Lerstad (fra E39 Moa)

Fv. 60 Blindheim-Straumgjerde (Sykkylven)

Fv. 5914 Sykkylvsbrua til Ekornes

Fv. 526 Ellingsøya til Sperre industrier

Fv. 661 Eidsvik-Digernes

Fv. 659 Eidsvik-Slyngstad/kryss fv. 527 til Søvika

Fv. 527 Slyngstad-Skjeltene

Fv. 5981 Tresfjorden (Vike-Brastad)

Publisert: 25.03.2021 11:21

Sist oppdatert: 25.03.2021 11:36

Mer om