Nytt
Vil påby meir fisk på auksjon
Fiskesalslaga arbeider med eit framlegg om å påby at meir fisk skal seljast på auksjon.
23.09.2019
Framlegget blir sendt ut på høyring i løpet av kort tid, seier administrerande direktør Sveinung Flem i Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag (Surofi).
Korleis fiskarane skal selje fisken sin er eit heitt tema i sjømatnæringa.
Frå kjøparsida er det reist kritikk mot at fiskebåtreiarlag etablerer eigne salsselskap, og tek hand om sal og distrubusjon sjølve. Det er og strid om fisk som blir seld på lange kontrakter. Begge deler gjer det vanskeleg å få tak i fisk, sjølv om både betalingsvilje og -evne er der, slik fiskeindustrien ser det.
- Vi vil foreslå delvis tvungen auksjon på frose råstoff, seier Flem.
Det betyr at ein andel av fangsten må leggast ut på aksjon.
Surofi, Norges Råfisklag og Norges Sildesalglag er dei tre største fiskesalslaga. Omlag halvparten av all fisken som høyrer til under Surofi sitt område blir seld på auksjon, anslår Flem. For torsk er det snakk om cirka 40 prosent på auksjon.
- Vi forvaltar ei råvare som skal gi mest mogleg samfunnsmessig nytte, seier Flem.
Korleis fiskarane skal selje fisken sin er eit heitt tema i sjømatnæringa.
Frå kjøparsida er det reist kritikk mot at fiskebåtreiarlag etablerer eigne salsselskap, og tek hand om sal og distrubusjon sjølve. Det er og strid om fisk som blir seld på lange kontrakter. Begge deler gjer det vanskeleg å få tak i fisk, sjølv om både betalingsvilje og -evne er der, slik fiskeindustrien ser det.
Har monopol
Fiskesalslaga har monopol på førstehandsomsetning av fisk og det er den makta dei no vurderer å bruke for å sikre at meir fisk blir lagt ut på auksjon, der høgstbydande får fangsten.- Vi vil foreslå delvis tvungen auksjon på frose råstoff, seier Flem.
Det betyr at ein andel av fangsten må leggast ut på aksjon.
Surofi, Norges Råfisklag og Norges Sildesalglag er dei tre største fiskesalslaga. Omlag halvparten av all fisken som høyrer til under Surofi sitt område blir seld på auksjon, anslår Flem. For torsk er det snakk om cirka 40 prosent på auksjon.
For lite
Flem meiner andel fanga fisk som blir seld på auksjon er blitt så liten at det svekkar auksjonssystemet. Det er blitt så lite fisk på auksjon at prisfastsettinga på auksjonane ikkje speglar den reelle marknadsverdien av fisken, noko samfunnet samla sett taper på, etter Flem si vurdering.- Vi forvaltar ei råvare som skal gi mest mogleg samfunnsmessig nytte, seier Flem.
Publisert: 23.09.2019 10:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39