Sagafjord Hotell er fullt, campinghyttene er opptatt, telt spent opp. Til og med bedehuset har opna dørene for verdig sovesaltrengande.
I fjor møtte 250 då toppturfestivalen High Camp Sunnmøre blei arrangert for første gang. I år opna arrangøren, Fri Flyt og Sagafjord Hotell, for 350 deltakarar. Etter at festivalpassa blei lagt ut tok det 19 minutt før alt var utseld.
I formiddag var deltakarane på veg til topps gjennom eit skoddelag som gradvis gjekk i oppløysing.
- Vi vil at folk skal reise tilbake hit på eiga hand, seier festivalleiar Brynjar Åmot i Fri Flyt.
Fri Flyt gir ut magasinet med same namn og fem andre frilufts- og sportsmagasin, i tillegg til å arrengere fleire aktivitetesfestivaler.
Den første toppturfestivalen vart arranger på Turtagrø i Jotunheimen i 2001 og står framleis på programmet kvart år. No satsar Fri Flyt på at festivalen på Sæbø skal bli eit årleg arrangement.
- Vi har lyst til å fortsette til å ha årlege festivalar l her på Sæbø på same måte som vi har hatt på Turtagrø i alle år, seier Åmot.
Åmot rosar både hotellet og heile Sæbø-samfunnet.
- Det er mykje enklare å jobbe m eit arrangement når alle er interessert i å bidra positivt, seier han.
Bjørneset var med i fjor år, og Åmot seier han måtte takke nei til fleire som ville vere med som frivillig.
17 guidar frå Uteguiden på Stranda er og innleigd for å viser deltaktarane veg til topps og ned igjen.
Inngangsbilletten på arrangementet er 900 kroner. Mat, overnatting og leige av guide kjem i tillegg. Poenget er å kunne gi eit tilbod også studentar har råd til, samstundes som du kan legge for å få ekstra komfort og assistanse om du vil og har råd.
- Marknaden er veldig stor, men det er viktig at vi ikkje blir for store, og at vi stopper på eit fornuftig antal. Det er en vurdering vi tar etterpå samen med hotellet. Det er begrensa kor mykje et område tåler og vi påtek oss et ansvar med å sende folk opp i fjellet og, seier han.
I fjor møtte 250 då toppturfestivalen High Camp Sunnmøre blei arrangert for første gang. I år opna arrangøren, Fri Flyt og Sagafjord Hotell, for 350 deltakarar. Etter at festivalpassa blei lagt ut tok det 19 minutt før alt var utseld.
I formiddag var deltakarane på veg til topps gjennom eit skoddelag som gradvis gjekk i oppløysing.
Over 90 prosent vil kome att
Etter toppturfestivalen i fjor svarte over 90 prosent av deltakarane at dei vil kome attende til Sunnmøre og Sæbø i eigen regi.- Vi vil at folk skal reise tilbake hit på eiga hand, seier festivalleiar Brynjar Åmot i Fri Flyt.
Fri Flyt gir ut magasinet med same namn og fem andre frilufts- og sportsmagasin, i tillegg til å arrengere fleire aktivitetesfestivaler.
Den første toppturfestivalen vart arranger på Turtagrø i Jotunheimen i 2001 og står framleis på programmet kvart år. No satsar Fri Flyt på at festivalen på Sæbø skal bli eit årleg arrangement.
- Vi har lyst til å fortsette til å ha årlege festivalar l her på Sæbø på same måte som vi har hatt på Turtagrø i alle år, seier Åmot.
God infrastruktur
I tillegg til fine fjell var Fri Flyt på jakt etter ein plass med god infrastruktur då dei leitte etter erstatning for festivalen dei hadde i Lyngen i Nord-Noreg. Det fann dei på Sæbø, med hotellet som sentral samarbeidspartnar.Åmot rosar både hotellet og heile Sæbø-samfunnet.
- Det er mykje enklare å jobbe m eit arrangement når alle er interessert i å bidra positivt, seier han.
17 frivillige
Nøkkelen for å få alt til å gli knirkefritt er mellom anna Simon Bjørneset og 16 andre frivillige som stiller opp som sjåførar og i andre oppgåver.Bjørneset var med i fjor år, og Åmot seier han måtte takke nei til fleire som ville vere med som frivillig.
17 guidar frå Uteguiden på Stranda er og innleigd for å viser deltaktarane veg til topps og ned igjen.
Inngangsbilletten på arrangementet er 900 kroner. Mat, overnatting og leige av guide kjem i tillegg. Poenget er å kunne gi eit tilbod også studentar har råd til, samstundes som du kan legge for å få ekstra komfort og assistanse om du vil og har råd.
Vurderer storleiken
Trass den store interessa er ikkje Åmot sikker på om toppturfestivalen på Sæbø skal bli større.- Marknaden er veldig stor, men det er viktig at vi ikkje blir for store, og at vi stopper på eit fornuftig antal. Det er en vurdering vi tar etterpå samen med hotellet. Det er begrensa kor mykje et område tåler og vi påtek oss et ansvar med å sende folk opp i fjellet og, seier han.
Vi har lyst til å fortsette til å ha årlege festivalar l her på Sæbø på same måte som vi har hatt på Turtagrø i alle år
Publisert: 31.03.2017 13:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07