Vestbas
FOSNAVÅG: Vestbas er lagt ut til sals. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Vil selje Herøy-båt

Har kome inn bod på 400 millionar kroner.

22.04.2022

Herøy-båten Vestbas er lagt ut til sals hos Atlantic Marine i Ålesund.

Ifølgje skipsmeklaren har det allereie kome inn eit eit bod på 400 millionar kroner for båt og kvoter. No vert andre inviterte til å delta i bodkampen.

Vestbas er ein kombinert kystnot -, snurrevad- og trålar.

Stadyard
Båten er 34,0 meter lang, 9,5 meter brei og vart bygt ved Stadyard på Raudeberg i 2010.

Fartøyet, som har RSW-tanker på 300 kubikkmeter har kvote på sild, NVG-sild, makrell, torsk og sei.

I ein periode dreiv båten også med levandefangst av torsk.

Vil drive ut året
Bak selskapet Vestbas står Tor Frantsen og Nils Frantsen.

Planen er å drive båten ut 2022, og å overlevere til ny kjøpar i januar neste år.

Det er ikkje krav om at kjøparen beheld heile eller deler av mannskapet, men det vil kunne verte tillagt vekt ved eit sal.

Publisert: 22.04.2022 09:59

Sist oppdatert: 22.04.2022 10:15

Mer om