Vil selje Rosenlund
SANDSHAMN: Rosenlund Marina (til høgre) er til sals.
Nytt

Vil selje Rosenlund

Rosenlund Marina på Sandshamn er til sals.

18.01.2017
Dette opplyser lokalavisa Vestlandsnytt.
Anlegget består av kafé, kjøken, fleire overnattingsrom, maritim pub, uteområde, kaier og stor gjestebryggje.
Sidan 2009 har Rosenlund Marina vore eigd av Helge Johnny Voksøy. No har han lagt selskapet ut til sals gjennom eit oppslag på den lokale butikken, skriv avisa.

Stort engasjement

Oppslaget har ført til stort engasjement på ei lokal Facebook-side der mange uttrykkjer sterke ønskje om at nokon vil kjøpe og drive vidare. Mellom anna har det vore fleire populære årlege arrangement på Rosnelund, som 'Havets festbord' og 'Saudehaudfest'.
Etter fleire år med litt pluss, gjekk Rosenlund Marine med minus i 2015. Omsetninga stoppa på 857.000 kroner, og resultatet før skatt vart på nesten 0,2 millionar kroner i minus.
Beste året var i 2011 med vel ein million i omsetning og eit resultat før skatt som bikka 100.000 kroner.
Selskapet hadde ved utgangen av 2015 vel 0,3 millionar kroner i kortsiktig gjeld.

Publisert: 18.01.2017 11:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:05