Vil selje ti offshoreskip
MOLTUSTRANDA: Tidlegare i sommar låg fleire Hermitage-skip i opplag på Moltustranda. No er det berre Hermit Galaxy att, medan Hermit Prosper er i arbeid.
Nytt

Vil selje ti offshoreskip

Hermitage Offshore Services vil selje alle dei ti norskbygde PSV-ane. Mange norske sjøfolk kan verte råka.

Marius Rosbach
25.09.2020
Sidan selskapet er lista på New York-børsen har Hermitage, men har samstundes starta ein salsprosess av ti supplyfartøy og elleve mindre crew/passasjerbåtar.
Herøy-selskapet Remøy Shipping har driftsansvar for åtte av dei ti supplyskipa, og der fleire av skipa har norsk mannskap.
Hermitage Offshore Services-aksjen vart på New York-børsen, og i pressemeldinga opplyste selskapet at det var usikkert om ein kunne halde fram drifta.

Norskbygde skip

Samstundes har konkursretten i New York beordra offshoreselskapet å hyre inn rådgjevarar for å finne ei løysing eller å finne kjøpar til fartøya, anten skip for skip, heile flåten av offshoreskip - eller heile flåten av passasjerbåtar.
Offshoreflåten består av skipa Hermit Galaxy, Hermit Horizon, Hermit Storm, Hermit Protector, Hermit Thunder, Hermit Power, Hermit Guardian, Hermit Prosper, Hermit Fighter og Hermit Viking.
Hermit Galaxy og Hermit Prosper vart leverte frå Vard i 2016, medan dei åtte øvrige vart bygde ved Ulstein Verft i perioden 2012 til 2015.
Skipa vart først kjøpte av Herbjørn Hansson og Nordic American Offshore (NAO), men vart seinare selde til Hermitage.

Auksjon 13. oktober

Det er den svake marknaden, kombinert med pågåande koronautfordrinar som har ført til at Hermitage ikkje klarer å handtere gjelda lenger. Difor vurderer dei å kaste korta – heilt eller delvis.
Etter det NETT NO forstår har retten i New York sett frist for å melde seg til bodrunden 1. oktober, og den endelege auksjonen er planlagt til 13. oktober.
Det er bankane SEB og DNB som har pant i skipa og etter det NETT NO kjenner til er minimumsbodet for kvar PSV er sett til 5 millionar US dollar.

Berre eitt skip i opplag

Dei Ulstein-bygde skipa er 83,4 meter lange, medan Vard-skipa er to meter kortare. Alle skipa har 850 kvadratmeter dekksareal. Sju av dei to skipa har utvida isklasse (ICE-C)
Heile PSV-flåten opererer i Nordsjøen. Fleire av skipa har lege i varmt opplag ein periode, men etter den siste tids betring i marknaden, er det no kun Hermit Galaxy som ligg i opplag på Moltustranda.

Publisert: 25.09.2020 15:21

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:06