NPK: Sidan koronasituasjonen gjer at turistane ikkje kjem til den kjende turistvegen Trollstigen, har ordføraren i Rauma lyst å stengje vegen i sommar for at det kan gjennomførast rassikring i staden.
– No er det viktigare enn nokon gong at vi klarar å snu oss raskt rundt og få gjort arbeidet i ein sesong som likevel blir avgrensa. Samstundes vil det vere eit viktig bidrag til å halde oppe anleggsbransjen som no har mykje ledig kapasitet, seier ordførar Yvonne Wold (SV) i Rauma til TV 2.
– Eg tenkjer at det er ein veldig klok ordførar, for det å stengje der no i ei tid der vi ikkje har turisme og folk held seg inne, då vil ein kunne gjere denne rassikringa effektiv sånn at det blir billegare, og utan plunder og heft for folk flest som elles i året har lyst å bruke den flotte naturen og denne turistattraksjonen, seier direktør Julie Brodtkorb til TV 2.
Forbundet har ressursar klare til å ta på seg oppdrag.
– Det vil vere nådestøyten for reiselivsbedrifter som slit frå før. Dersom vi får kontroll på koronaviruset før sommaren, vil det truleg vere mange nordmenn som ønsker å feriere i eige land. Då kan ikkje Trollstigen vere stengd, seier han til Sunnmørsposten.
Han er samd i at turistvegen bør rassikrast, men tidspunktet er feil.
– Dette arbeidet bør ikkje skje midt i den travlaste turistsesongen. Steng heller vegen i august, og gjer arbeidet utover hausten – kanskje over to år, oppmodar Viktor Valdal.
– No er det viktigare enn nokon gong at vi klarar å snu oss raskt rundt og få gjort arbeidet i ein sesong som likevel blir avgrensa. Samstundes vil det vere eit viktig bidrag til å halde oppe anleggsbransjen som no har mykje ledig kapasitet, seier ordførar Yvonne Wold (SV) i Rauma til TV 2.
- God idé
Maskinentreprenørenes forbund synest det er ein god idé.– Eg tenkjer at det er ein veldig klok ordførar, for det å stengje der no i ei tid der vi ikkje har turisme og folk held seg inne, då vil ein kunne gjere denne rassikringa effektiv sånn at det blir billegare, og utan plunder og heft for folk flest som elles i året har lyst å bruke den flotte naturen og denne turistattraksjonen, seier direktør Julie Brodtkorb til TV 2.
Forbundet har ressursar klare til å ta på seg oppdrag.
Åtvarar mot stenging
Varaordførar i Fjord kommune Viktor Valdal (H) på andre sida av Trollstigen åtvarar mot ei stenging:– Det vil vere nådestøyten for reiselivsbedrifter som slit frå før. Dersom vi får kontroll på koronaviruset før sommaren, vil det truleg vere mange nordmenn som ønsker å feriere i eige land. Då kan ikkje Trollstigen vere stengd, seier han til Sunnmørsposten.
Han er samd i at turistvegen bør rassikrast, men tidspunktet er feil.
– Dette arbeidet bør ikkje skje midt i den travlaste turistsesongen. Steng heller vegen i august, og gjer arbeidet utover hausten – kanskje over to år, oppmodar Viktor Valdal.
Publisert: 01.04.2020 12:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55