NPK-NTB: Laget ber om betre rammevilkår for matproduksjonen.
Norsk Bonde- og Småbrukarlag påpeikar at rammevilkåret til bøndene har vore for magre over fleire år.
– Vi har ikkje ein matprodusent å miste! skriv fylkesleiarmøtet til laget i ei fråsegn der dei samtidig uttrykker forståing for at jordbruksforhandlingane ikkje blir gjennomførte som vanleg i år.
I fråsegna ber dei òg om fleire tiltak for å dempe risikoen og trygge forsyninga av for norsk mat, også ved å styrkje landbrukssamvirka med ordningane som mottaksplikt og prisgaranti for varer bøndene leverer.
– I ein situasjon med pandemi må vi sikre oss at befolkninga har nok mat. Norske bønder er klare til å bidra med dugnad. Landbrukssamvirket med samfunnsansvaret sitt er ein del av same dugnaden, uttaler fylkesleiarmøtet vidare.
Bonde – og småbrukarlaget lanserer samtidig ei «klima- og sjølvbergingspakke», der hensikta er å redusere klimagassutsleppa og auke sjølvforsyningsgrada.
Norsk Bonde- og Småbrukarlag påpeikar at rammevilkåret til bøndene har vore for magre over fleire år.
– Vi har ikkje ein matprodusent å miste! skriv fylkesleiarmøtet til laget i ei fråsegn der dei samtidig uttrykker forståing for at jordbruksforhandlingane ikkje blir gjennomførte som vanleg i år.
Løfte inntektene
Bonde- og Småbrukarlaget oppmodar til at det blir jobba fram ein plan for å løfte inntektene til landbruket til eit gjennomsnittsnivå i løpet av fem år.I fråsegna ber dei òg om fleire tiltak for å dempe risikoen og trygge forsyninga av for norsk mat, også ved å styrkje landbrukssamvirka med ordningane som mottaksplikt og prisgaranti for varer bøndene leverer.
– I ein situasjon med pandemi må vi sikre oss at befolkninga har nok mat. Norske bønder er klare til å bidra med dugnad. Landbrukssamvirket med samfunnsansvaret sitt er ein del av same dugnaden, uttaler fylkesleiarmøtet vidare.
Bonde – og småbrukarlaget lanserer samtidig ei «klima- og sjølvbergingspakke», der hensikta er å redusere klimagassutsleppa og auke sjølvforsyningsgrada.
Publisert: 24.03.2020 08:28
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54