Vil ta tilbake kontrollen paa Moltustranda
VIL HA NY DRIFT: Edgar Sandanger meiner det ikkje er grunnlag for å tvangsoppløyse Sunnmøre Eigedom Moldtu, som eig fiskeindustrianlegget på Moldtustranda.
Nytt

Vil ta tilbake kontrollen på Moltustranda

Edgard Sandanger meiner Sunnmøre Eigedom Moldtu ikkje skal tvangsoppløysast og seier han har nye leigetakarar til fiskeindustrianlegget.

03.05.2019
Selskapet Sunnmøre Eigedom Moldtu eig anlegget på Moltustranda som sist husa lakseforedlingsbedrifta Sunsea. Anlegget har vore lagt ut for tvangssal sidan i fjor, men salsprosessen er lagt på is etter at styreleiar, dagleg leiar og medeigar Edgar Sandanger klaga på vedtaket om at eigedomsselskapet skal tvangsoppløysast.
Sunsea blei slått konkurs i 2018 og sidan har anlegget stått ubrukt.

- Vi meiner å ha grunnlag i foreliggande husleigeavtalar som gjer at selskapet kan betale sin forpliktingar til kreditorane, seier Sandanger.
Dersom han vinn fram i klagesaka er planen å få ny drift inn i anlegget.
- Planen er å leige ut til strategiske partnarar, seier han.
Sandanger vil ikkje opplyse kven dei strategiske partnarane er, men seier at planen er at dei skal leige deler av anlegget og at resten kan få andre leigetakarar.

Sa nei til bod

Innovasjon Norge, som er den største kreditoren, sa tidlegare i år nei til eit bod på 2,2 millionar kroner på eigedomen. Etter at bodet blei avvist blei salet lagt på is, inntil klagen på kravet om tvangsoppløysing er handsama.

Eigedomen omfattar røykeri, pelagisk fiskemottak, fryseri og kaier. Kaiene er dels i betong og dels i tre, med ni meters djupn ved betongkaia.
Taksten på eigedomen er 5,5 millionar kroner. Innovasjon Norge har eit tinglyst pant på 20 millionar kroner i eigedomen.
I følgje buinnberetninga er det uavhengig av anken fremja eit nytt konkurskrav mot selskapet, som ikkje er behandla av tingretten.

Kjøpte deler av utstyret

Selskapet

Sandanger Invest kjøpte tidlegare i år deler av utstyret i fiskeforedlingsanlegget på Moltustranda.
Sandanger Invest er eigd av fire familiemedlemer i Sandanger-familien, tre søstre og ei niese.
Edgard Sandanger er styremedlem, men ikkje medeigar, i Sandanger Invest. Han seier hovudmålet for Sandanger Invest er at utstyret skal brukast av ein ny leigetakar i bygget på Moltustranda. Om ikkje det går er alternativt demontering ot sal.

Tvangsoppløyst

Nyleg er selskapet Cinvest tvangsoppløyst. Edgar Sandanger var største eigar og blant anna produksjonsselskapet Sunsea var eigd gjennom Cinvest.
Cinvest eig og 16,14 prosent av aksjane i Sunnmøre Eigedom Moltu. Ut over at konkursbuet dermed blir medeigar i anlegget har tvangsoppløysinga av Cinvest ikkje noko praktisk betydning for utfallet, dersom eigedomsselskapet vinn fram i ankesaka og ikkje blir tvangsoppløyst, i følgje Sandanger.


Publisert: 03.05.2019 06:00

Sist oppdatert: 15.06.2021 10:28

Mer om