Okla vindkraftverk på Stad og Haram Kraft si utbygging på Haramsøya er to av vindkraftprosjekta som interesseorganisasjonen vil prøve gjennom rettssystemet.
Det skriv .
Motvind meiner det er gjort sakshandsamingsfeil, at naboar ikkje er er blitt høyrde og at det er feil bruk av lova.
– Regelverket blir brukt feil, mellom anna når det gjeld støy. Vi trur at om vår forståing av lova er rett, så vil vi få domstolane med på å stoppe dei åtte planlagde kraftverka, seier generalsekretær Rune Haaland i Motvind Norge til NTB.
Begge stader er planane møtt med sterke protestar.
I tillegg til Stad og Haramsøya vil Morvind Norge også prøve rettsleg utbyggingane på Buheia i Kvinesdal, Tysvær på Haugalandet, Øyfjellet i Vefsn, Nord-Odal i Innlandet, Frøya i Trøndelag og Sørmarkafjellet i Trøndelag.
Dei vil ikkje kommentere den siste utviklinga.
– Vi har for augneblinken ingen kommentarar til Motvind Norge sine handlingar, og vi vil vurdere det meir detaljert etter kvart.
Interesseorganisasjonen til vindkraftbransjen, NORWEA, seier det mest problematiske med søksmåla er store ekstra kostnader og forseinkingar.
– Eg skal ikkje sutre over at dei tek det til retten, men det blir veldig mykje prosessar. Dette er prosjekt som er godkjende av styremaktene i fleire instansar, det vil seie både hos NVE og Olje- og energidepartementet, seier adm.dir. Øyvind Isachsen, til NRK.
.
Det skriv .
Motvind meiner det er gjort sakshandsamingsfeil, at naboar ikkje er er blitt høyrde og at det er feil bruk av lova.
– Regelverket blir brukt feil, mellom anna når det gjeld støy. Vi trur at om vår forståing av lova er rett, så vil vi få domstolane med på å stoppe dei åtte planlagde kraftverka, seier generalsekretær Rune Haaland i Motvind Norge til NTB.
Protestar
På Stad er det planlagt fem 148,5 meter høge vindturbinar, medan på Haramsøya er det planlagt åtte turbinar med ein rotordiameter på 136 meter.Begge stader er planane møtt med sterke protestar.
I tillegg til Stad og Haramsøya vil Morvind Norge også prøve rettsleg utbyggingane på Buheia i Kvinesdal, Tysvær på Haugalandet, Øyfjellet i Vefsn, Nord-Odal i Innlandet, Frøya i Trøndelag og Sørmarkafjellet i Trøndelag.
- Problematisk
Det er Falck Renewables Vind AS som skal byggje ut på Stad. Direktør Scott Gilbert seier til NRK at dei tek miljøet på alvor, og at dei fremjar ein berekraftig vekst av fornybar energi.Dei vil ikkje kommentere den siste utviklinga.
– Vi har for augneblinken ingen kommentarar til Motvind Norge sine handlingar, og vi vil vurdere det meir detaljert etter kvart.
Interesseorganisasjonen til vindkraftbransjen, NORWEA, seier det mest problematiske med søksmåla er store ekstra kostnader og forseinkingar.
– Eg skal ikkje sutre over at dei tek det til retten, men det blir veldig mykje prosessar. Dette er prosjekt som er godkjende av styremaktene i fleire instansar, det vil seie både hos NVE og Olje- og energidepartementet, seier adm.dir. Øyvind Isachsen, til NRK.
.
Publisert: 02.06.2020 11:36
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57