Vindkraftoppdrag for Island Offshore
OPPDRAG: Island Dilligence blei døypt sommaren 2018 etter at fartyet blei ombygd frå forsyningsskip til hotellskip og servicefarty.
Nytt

Vindkraftoppdrag for Island Offshore

Oppdrag til hausten 2020 for Island Dilligence.

19.01.2021
Island Diligence har fått to nye oppdrag i vindkraftbransjen. Fartyet er alt kome i arbeid på den første kontrakten, for Trianel i Tyskebukta, der fartyet er utleigd til gangvegsoperasjonar på vindparken Trianel Windpark Borkum II.
Båten har kapasitet til å huse 100 personar, og mannskapet på 23 kan forvente nesten full båt under oppdraget for Trianel, der teknikarar frå klienten bur om bord. Lengda på kontrakten er i overkant av fire månader, pluss opsjonar, og båten vil ha base i Eemshaven, Nederland, skriv selskapet i ei pressemelding.

Den andre kontrakten er med Global Marine Group, for arbeid på Kriegers Flak, ein vindpark utanfor Baltikum, på dansk sektor. Utbyggar er Vattenfall, og vindparken vert Danmarks største når den står ferdig i slutten av 2021. Island Diligence skal bistå som hotellskip, samt med gangvegsoperasjonar i samband med kabellegging på vindparken. Også her er det venta full båt, med oppstart på seinsommaren. Varigheita på kontrakta er tre månadar, pluss opsjon på ein månad til, og båten vil mobilisere i Grimsby, UK, i følgje prssemeldinga.
- Det er svært gledeleg å ha sikra langvarig arbeid til Island Diligence. Det har vore ein lang vinter for mannskapet då båten har ligge i varmt opplag i påvente av kontrakt, og eg vil berømme dei for særs rask og effektiv mobilisering til denne første kontrakta, seier Tommy Walaunet, administrerande direktør i Island Offshore Management AS o pressemeldinga.

Publisert: 19.01.2021 10:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54