Vinsjkontrakt til Brattvaag
Konsernsjef Geir Håøy i Kongsberg Gruppen på besøk hos Kongsberg Brattvåg i fjor. I dag har selskapet offentleggjrot ein nye kontrakt som gir arbeid for Brattvåganlegget. 
Nytt

Vinsjkontrakt til Brattvåg

Dansk fiskebåt blir utstyrt med vinsjer frå Kongsberg-anlegget i Brattvåg.

16.12.2020
Kongsberg Maritime skal levere ein elektrisk vinsjepakke til ein ny kombinert pelagisk/ringnot-trålar til det danske fiskebåtreiarlaget Astrid Fiskeri. Anlegget skal leverast i fjerde kvartal 2021.
Båten blir bygd hos Karstensens Skibsvaerft A/S i Danmark.
Kontrakten omfattar levering av eit betydelig anlegg med fiskeri- og hjelpevinsjer, samt frekvensomformara/ROW og siste generasjon av Kongsberg Gruppens kontrollsystem, skriv Kongsberg Maritime i ei pressemelding. Pressemeldinga opplyser ikkje storleiken på kontrakten.
Kontrakten omfattar og ein avtale om at Kongsberg sine ingeniørar kan få tilgang på data frå drifta av skipet og gi råd om vedlikehald og hjelp om det oppstår problem.

Publisert: 16.12.2020 13:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:09