Nytt
Virusangrep mot populær nettstad
Nettstaden Norsk Skipsfartsforum har vore nede i fleire veker. Grunn; hacking.
07.12.2016
- Ja, det er skikkeleg irriterande. Vi jobbar iherdig for å kome på nettet igjen.
Det seier redaktør Oddgeir Refvik frå Langevåg.
Refvik har i tolv år drive nettstaden på frivillig basis. Han kombinerer dette med jobben som maskinsjef i offshore.
- Ja, interessa for forumet har vore stort, seier Refvik.
På forumet har lesarane halde seg godt oppdaterte om kontraktar, og ikkje minst har mange vore aktive på ryktebørsen.
Refvik seier at det var datalevarandøren One.Com i Danmark som tok affære etter at virus-angrepet vart oppdaga.
Refvik seier at han håper å vere på nettet igjen om to-tre veker.
- Det er svært mykje data som må lastast inn att på nytt. Heldigvis har eg fått hjelp av vener til å gjere dette.
- I tillegg kjem vi med ny software-løysing.
Det seier redaktør Oddgeir Refvik frå Langevåg.
Refvik har i tolv år drive nettstaden på frivillig basis. Han kombinerer dette med jobben som maskinsjef i offshore.
Ryktebørs
Norsk Skipsfartsforum fungerer ofte som ein god informasjonskanal for verft, reiarar, sjøfolk og andre som vil halde seg orienterte om det som skjer i dei maritime næringa, spesielt innanfor offshore.- Ja, interessa for forumet har vore stort, seier Refvik.
På forumet har lesarane halde seg godt oppdaterte om kontraktar, og ikkje minst har mange vore aktive på ryktebørsen.
Virusangrep
Det var etter at nokon la inn ein såkalla Malware, ei skadeleg programvare, at nettstaden vart stengt ned.Refvik seier at det var datalevarandøren One.Com i Danmark som tok affære etter at virus-angrepet vart oppdaga.
Refvik seier at han håper å vere på nettet igjen om to-tre veker.
- Det er svært mykje data som må lastast inn att på nytt. Heldigvis har eg fått hjelp av vener til å gjere dette.
- I tillegg kjem vi med ny software-løysing.
Det er svært mykje data som må lastast inn att på nytt
Publisert: 07.12.2016 14:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04