- Akkurat no er det kjekt å drive hotell
Fullklaff for Visnes hotel etter utviding og satsing på sommarkafé.
- Med unntak av juli, er helgane fullbooka heile året til bryllaup og andre arrangement. No skal tydelegvis folk feire igjen.
Det seier dagleg leiar Marit Nordheim Otterdal bak Hotel Visnes i Stryn.
Ho driv og eig det historiske hotellet saman med mannen Arvid Otterdal. I fjor hadde selskapet sitt beste år etter oppstarten i 2015.
- Det har vore mykje arbeid, men akkurat no er det kjekt å drive hotell.
(saka held fram etter tabellen)
Visnes hotel | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2021 | 2020 | |
Driftsinntekter | 6,5 | 4,6 | |
Driftsresultat | 0,7 | 0,4 | |
Resultat før skatt | 0,4 | 0,1 |
Visnes hotel har historie heilt tilbake til 1850, då eigaren av den store garden på Visnes, Anton Visnes, innreidde nokre rom i hovudhuset på garden og tok imot gjestar.
Marit Nordheim Otterdal seier at stadig fleire gjestar er opptatt av å besøke hotell med særpreg.
- Mange har reist mykje, og ønskjer å oppleve noko med særpreg. Det får dei her.
Fleire rom og sommarkafé
Hotellet er medlem i De historiske hotell, og har no 20 rom, etter at fire familierom kom til i fjor.
- Dette har vore svært vellukka, seier Nordheim Otterdal.
Hotellet har også satsa på sommarkafé, i tillegg til at låven på garden er tatt i bruk.
- Dette gjer at vi kan ta imot større grupper. Fleire har også lagt styremøte og andre samlingar hit.
Mange har reist mykje, og ønskjer å oppleve noko med særpreg
Full fart frå mai
Hotellet har no stengt, men etter påske vert det helgeope.
- Frå 1. mai og ut september vert det derimot fullt køyr.
Selskapet har fem stillingar, der dei fleste tilsette kjem frå nærområdet.
Eigenkapitalen til selskapet er på 1,2 millionar kroner og langsiktig gjeld på 8,7 millionar.
- Vi har god tru på at 2022 vert eit godt år. Det ser i alle fall lovande ut, seier Marit Nordheim Otterdal.
Publisert: 25.02.2022 05:46
Sist oppdatert: 01.03.2022 11:00