Volda hoegskulen i omfattande samarbeid med nye A Alesund
SAMARBEID: Nye Ålesund-rådmann Astrid J. Eidsvik og høgskulerektor Johann Roppen med omfattande samarbeidsavtale.
Nytt

Volda-høgskulen i omfattande samarbeid med nye Ålesund

Har inngått avtale for å sikre fagleg utvikling - særleg innan forsking, utdanning og nyskaping.

28.10.2019
Høgskulen blir også samarbeidspart i FNs framtidslab, vert det opplyst i ei pressemelding måndag.
Partane opplyser at med denne avtalen ønsker kommunen og høgskulen å saman skape relevant kompetanse og kunnskap for å møte behova til eit framtidig berekraftig samfunn.
Ålesund kommune skal i si planlegging arbeide ut frå FNs berekraftsmål, og tiltak som skal settast i gang skal vere i tråd med berekraftsmåla.

- Viktig med godt samarbeid

Gjennom samarbeidet med HVO ønsker kommunen å bli meir treffsikker på verkemidla for å nå innbyggarane sine behov.
- Det er nødvendig for ein innovativ kommune å ha eit godt samarbeid med universitet og forsknings- og utviklingsmiljø. Vi i kommunane må få meir kunnskap om kva tiltak som har effekt for å kunne sette inn ressursane våre på best mogleg måte, seier rådmann i Ålesund, Astrid J. Eidsvik, i pressemeldinga.
Ho er særleg fornøgd med at høgskulen også vil gå inn som partnar i FNs framtidslab – U4SSC (United for Smart and Sustainable Cities). Kommunen etablerer framtidslaben saman med FNs smartbyprogram på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK).
Ho meiner samarbeidet med HVO på ein god måte vil vere utfyllande til samarbeidet kommunen allereie har med NTNU.

Over 50 samarbeidsprosjekt

Høgskulen i Volda har ambisjon om å vere tett på samarbeidspartane sine, og samarbeidet med Ålesund kommune vil vere eit viktig ledd i denne satsinga, seier rektor Johann Roppen.
- Høgskulen i Volda er glade for at denne viktige avtalen er på plass. Mange av studentane vil jobbe i kommunar etter utdanninga. Ålesund kommune er ein svært sentral aktør i regional utvikling i Møre og Romsdal og difor ein spennande samarbeidspart.
- Vi har dei siste åra hatt godt over 50 samarbeidsprosjekt med kommunar og andre aktørar i Ålesund og på Nordre-Sunnmøre, og gjennom denne samarbeidsavtalen med Ålesund kommune, som også gir oss arbeidsplass i lokala på NMK, så ligg det godt til rette for eit endå tettare samarbeid i framtida.
Ålesund kommune, Høgskulen i Volda og NTNU har i haust samarbeidd om å søke Forskningsrådet om midlar til å starte eit forskingsprosjekt på smart samfunnsplanlegging.

Publisert: 28.10.2019 14:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:43