Arne Topphol Høgskulen i Volda
VOLDA: Dosent Arne Kåre Topphol har vore sentral frå Høgskulen i Volda si side for å få til forskarskulen Norwegian Graduate School in Mathematics and Science Education. Foto: Høgskulen i Volda
Nytt

Volda-samarbeid med sju forskarskular

Høgskulen i Volda har i samarbeid med andre institusjonar vunne fram i konkurransen hos Forskingsrådet om å etablere forskarskular.

26.01.2022

I tillegg skal skulen vere med på å etablere to nye forskarskular, opplyser Høgskulen i Volda i ei pressemelding.

Nasjonale forskarskular er ei ordning for å fornye og forbetre norsk forskarutdanning, og er eit supplement til institusjonane sine eigne doktorgradsprogram.

Forskarskulane består av faglege nettverk der universitet, høgskular og forskingsinstitutt deltek.

16 millionar i støtte
Den eine nye er innan innan matematikkdidaktikk. Den er koordinert av Universitet i Agder og ber namnet Norwegian Graduate School in Mathematics and Science Education. Denne forskarskulen støttast med 16 millionar kroner av Norges forskingsråd dei neste åtte åra.

– Noko av det viktigaste vi kan gjere for å forberede oss på framtida, er å satse på forsking og unge forskartalent spesielt. Forskarskulane bidreg til at doktorgradsstudentane er godt rusta for oppgåvene som venter i og utanfor forskinga, seier administrerande direktør i Forskningsrådet Mari Sundli Tveit i ei pressemelding.

Den andre nye forskarskulen Høgskulen i Volda no er ein del av er koordinert av Universitetet i Stavanger og heiter Profres (Profesjonsretta og praksisnær forsking på områda helse, velferd og utdanning).

Unge kritiske forskarar
Profres skriv om seg sjølv at dei skal utdanne forskarar som er i stand til å tenke kritisk, og som kan utvikle ny kunnskap om, og for, profesjonar og praksisfelt i ei tid kor velferdsstaten pregast av store utfordringar og endringar.

Ved å støtte utvikling av kandidatane sine forskingsprosjekt og deira akademiske kompetanse, bidreg Profres indirekte til å styrke og utvide kunnskapsgrunnlaget for helse, velferds- og utdanningssektorane. Gjennom sitt fokus på det profesjonsretta og praksisnære, utgjer forskarskulen ein viktig arena for å utvikle yngre profesjonsfaglege forskingsfelt gjennom ei tverrfagleg innretning, heiter det.

Noko av det viktigaste vi kan gjere for å forberede oss på framtida, er å satse på forsking og unge forskartalent spesielt
Mari Sundli Tveit

Bidreg i sju ulike forskarskular
Høgskulen i Volda skriv i pressemeldinga at skulen no altså tilsette som bidreg i sju ulike forskarskular, der tematikken spenner frå ei rekkje musikkdisiplinar til matematikkdidaktikk.

Henriette Hafsaas, forskingssjef ved Volda-skulen, er glad for at høgskulens tilsette er med på å gi eit godt fagleg og utviklande tilbod til komande forskarar.

– Det er positivt med nasjonale forskarskular som kan supplere doktorgradsprogramma ved institusjonane. Gjennom forskarskulane får stipendiatane tilgang på relevante kurs og eit større fagleg nettverk, seier Hafsaas.

Publisert: 26.01.2022 15:52

Sist oppdatert: 26.01.2022 16:41

Mer om