Strand senior
FANGST: Strand Senior er ein av båtane som på kort tid fylte tankane med 2.250 tonn kolmule. Foto: Bernt Sortland
Nytt

Voldsomt bra på kolmula

Dei fleste lastar opp på berre få trålhal og på rekordkort tid.

28.02.2023

Sildelaget melder om eit svært godt kolmulefiske i internasjonalt farvatn vest av Irland.

Det vert meldt om store og tette flekkar av kolmule, og sist veke fiska 22 båtar heile 43.800 tonn kolmule.

Starten av fisket har pågått under godt vêr, eit fiske som normalt skjer langs kontinentalskråninga og bankane vest for Dei britiske øyer og ved Færøyane, der kolmula kjem opp frå djupet for å gyte.

Kolmula vert fiska med pelagisk trål, og fangsten går til oppmåling, i hovudsak til oppdrettsfôr.

Solide fangstar
Siste fangsten er det Ålesund-båten Strand Senior som har meldt inn, med 2.250 tonn kolmule som skal leverast til Pelagia Protein i Egersund.

Herøy-båten Christina E skal levere 2.000 tonn til Pelagia Måløy, medan Kings Bay, også frå Herøy, skal levere 2.250 tonn til Pelagia Karmsund.

Også Sæbjørn, Leinebjørn og Herøyhav har nyleg meldt inn fangst, og fleire båtar har alt levert to kolmulefangstar.

Det er dermed fiska vel 75.000 tonn av totalkvota på 305.000 tonn, og Sildelaget ventar at endå fleire båtar vil delta i fisket framover. Minsteprisen er no på 2,72 kroner kiloen.

Silda er langt nord
Når det gjeld fisket etter norsk vårgytande sild, så foregår det framleis langt nord. I hovudsak har fisket siste veka foregått frå vest av Vesterålen og vidare sørover på vestsida av Lofoten og ned til Trænadjupet.

28. februar i fjor vart den første fangsten av NVG-sild teken utanfor Møre, men lite tyder på eit snarleg fiske her i år.

Publisert: 28.02.2023 11:05

Sist oppdatert: 28.02.2023 11:06

Mer om