Vurdere nye rigginvesteringar
LYSARE: Forespørslane frå oljeselskapa er fleire, og Island Drilling vil snart avgjere om boreriggen "Island Innovator" skal utrustast for å kunne arbeide i Barentshavet året rundt.
Nytt

Vurdere nye rigginvesteringar

Etter refinansiering vurderer Island Drilling nye investeringar. 

18.04.2017
Innan første halvår vil Island Drilling avgjere om boreriggen "Island Innovator" skal utrustast for å tole is, slik at den kan arbeid i det sørlege Barentshavet året rundt.
Det er snakk om ei investering på rundt 50 millionar kroner, seier administrerande direktør Roger Simmenes.
Riggen er nettopp ferdig med eit 43 dagar langt oppdrag for Lundin Oil og eit fem dagar langt oppdrag for Aker BP.

Nye oppdrag

30. mars sa obligasjonslångivarane ja til ein refinansieringsplan der den gamle aksjekapitalen blei skriven ned til null, ny kapital sprøyta inn og lån på 161 millionar dollar gjort om til aksjar.

No er det i følgje Simmenes sannsynleg at riggen får nye oppdrag i haust igjen.
- Det blir litt roleg i vår, men når vi ser på sommarsesongen og utover så har vi planar om å gå ut igjen, seier Simmenes.

Botnen nådd

Botnen er nådd i riggmarknaden,
Rett før påske låg 23 riggar i opplag i Noreg. Det er kjøpars marknad, men ratene kan for stige igjen. Nett no er rundt ti riggavtalar ute i marknaden, i følgje Petro.no.
Simmenes vil ikkje kommentere om botnen er nådd, men seier det er blitt merkbart større interesse for å leige rigg. Ratenivået er høgt nok til å dekkje driftskostnadane.

Vil ha oppdrag

"Island Innovator" blei både forseinka og dyrare enn venta. Den gjekk inn i oppdrag for Lundin i 2013, og kunne nyte godt av gode rater fram til oppdraget vart fullført våren 2016.
Deretter vart riggen lagt i opplag, men klar til å ta oppdrag på kort varsel, og blei liggande cirka eitt år.
Poenget med å invester meir i riggen er å kunne vinne fleire oppdrag. I dag kan riggen berre brukast i sommar og haustsesongen i Barentshavet.
Selskapet vurderte også i fjor å investere for vinterarbeid, men ville vere sikrare på at det var oppdrag i vente for riggen først, i følgje Simmenes.

Fem eigargrupper

Etter at refinansieringa er fullført har selskapet fem aksjonærgrupper;
Island Drilling (24,2 prosent)
Rig Invest LLC (37,8 prosent)
Borgstein as (14 prosent)
Meteva (14 prosent)
Tidlegare obligasjoneigarar i Island Drilling (10 prosent)
Bak Rig Invest står Chouest-familien i USA som også er partnar med Ulsteinfamilien i Island Offshore. Borgstein er Ulsteinfamiliens investeringsselskap, Meteva er kontrollert av Bergensinvestoren Trond Mohn.

Publisert: 18.04.2017 15:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:08