Vurderer hydrogen produksjon paa Byrkjelo
UT MED DIESEL: Tine har reservert to hydrogendrivne lastebilar som skal frakte mjølk mellom meieria på Jæren og Byrkjelo og vurderer hydrogenproduksjon på Byrkjelo. 
Nytt

Vurderer hydrogen-produksjon på Byrkjelo

Vil køyre mjølkebil Byrkjelo-Jæren tur-retur på ein tank med hydrogen.

Administrator
11.03.2019
NETT NO/NPK: Ønsket om å erstatte diesel med hydrogen som drivstoff på langruta langs Vestlandskysten gjer at blant andre Tine har bedt om ein analyse av økonomien i eit slikt skifte.
Eit forprosjekt frå rådgivingsselskapet Greensight konkluderer med at hydrogen kan konkurrere med diesel for mjølkebilruta mellom Byrkjelo og Jæren, dersom ein reknar med sparte utgifter til bompengar- og ferjebillettar på strekninga.
Les heile her

Miljøvennleg

Rapporten er del av eit forprosjektet i samarbeid med Tine, Byrkjelo Kraft, Sogn og Fjordane Energi, Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Bakgrunnen for arbeidet er at Tine har reservert av to hydrogendrivne lastebilar frå den amerikanske lastebilprodusenten Nikola Motor. Planen er å bruke dei på den 1.000 kilometer lange turen langs E39 mellom meieria på Byrkjelo og Jæren.

Med hydrogen som drivstoff kan dei køyre utsleppsfritt, dersom det er produsert med fornybar energi. Hydrogendrift gir og lengre rekkevidde enn reine batteri-elektriske variantar, der batteripakkene førebels er for tunge for dei lengste distansane.

Lokal kraft

Rapporten konkluderer med at god tilgang på straum frå småkraftselskapet Byrkjelo Kraft kan forsyne eit eventuelt hydrogenproduksjonsanlegg med kraft. Greensight peikar også på at det er mogleg å spare store summar i nettleige ved å hente straum direkte frå småkraftverk.
Hydrogen kan produserast ved elektrolyse av vatn, der straum blir brukt til å spalte vatnet i hydrogen og oksygen.
Byrkjelo Kraft vil leverer storparten av krafta som må til, men i tider elevkraftverket ikkje produserer er planen å hente kraft frå nettet.
Byrkjelo Kraft har god tilgang til nettkapasitet, slik at selskapet får seld all energien det produserer, i følgje styremedlem Ole Øystein Kleppe.

Kraft til marknadspris

Det betyr at hydrogenproduksjonsanlegget må kjøpe krafta til vanleg marknadspris.
På Hellesylt, der det også blir vurdert hydrogenproduksjon, har småkraftprodusentane vanskar med å få heile produksjonen ut på nettet når turbinane går for fullt. I slike tilfelle er hydrogenproduksjon eit alternativ for å få nytte ut energi som ellers går til spille.

Martin Larsen Hirth i Greensight seier reknestykka om økonomien i eit hydrogenproduksjonsanlegg på Byrkjelo er basert på at at alt hydrogenet til lastebilane blir levert derifrå.
I dag manglar strekninga mellom Byrkjelo og Jæren fyllestasjonar for hydrogen som dei aktuelle bilane kan bruke. Kjem det slike anlegg kan de påverke etterspørselen frå anlegget på Byrkjelo.
Det er heller det ikkje avklart om lastebilane har den naudsynte rekkevidda til å klare strekninga tur-retur Byrkjelo-Jæren under alle slags tilhøve og med ekstrakapasitet til å ta omkøyringsvegar om det blir naudsynt.

Publisert: 11.03.2019 10:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32