Jenny Folling fylkestinget 23 nov 2015
UTGREIING: Ved å etablere eit selskap med kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane som eigarar sikra politikarane i fylket at eigarskapet til Sogn og Fjordane Energi ikkje gjekk inn i potten då Vestland fylke blei etablert. No har styret i Sogn og Fjordane Holding med styreleiar Jenny Følling spissen gått inn for å utgreie ei samanslåing der Statkraft og Bergens Kommune blir størst på eigarsida. Biletet er frå Følling si tid som fylkesordførar i Sogn og Fjordane.
Nytt

Vurderer kraftgigant

Dei største eigarane i Sogn og Fjordane Energi vil utgreie samanslåing med Eviny (tidlegare BKK).

17.06.2024

Eviny (tidlegare BKK) og Sogn og Fjordane Energi (SFE) hadde til saman 15,4 milliardar kroner i driftsinntekt i fjor. Tafjord Kraft hadde til samanlikning 1,8 milliardar kroner i driftsinntekt.

Tidlegare i år tok Eviny kontakt med den andre store aksjonæren i Sogn og Fjordane Energi, Sogn og Fjordane Holding, og kom med eit framlegg om ei samanslåing.

No har Sogn og Fjordane Holding og Eviny blitt samde om å utgreie ei mogleg samanslåing av Eviny og SFE, skriv SFE i ei børsmelding. Arbeidet med utgreiinga skal starte i september og er venta å ta omlag seks veker.

Kommuneeigd
Jenny Følling er styreleiar i Sogn og Fjordane Holding. Ho er tidlegare fylkesordførar i Sogn og Fjordane og tidlegare fylkestingsrepresentant i Vestland fylke.

Sogn og Fjordane Holding er eigd av kommunar i tidlegare Sogn og Fjordane fylke og eig 49, 5 prosent av SFE. Eviny eig 36,8 prosent.

Statkraft og Bergen kommune eig tilsaman over 80 prosent av aksjane i Eviny.

Det er behov for storleik på grunn av venta store kraftutbyggingar og utbygging av straumnettet som grunngjevinga for av Eviny sitt framlegg om samanslåing, ifølgje Følling.

Tre alternativ
Følling seier ei utgreing skal gi eigarane av Sogn og Fjordane Holding grunnlag for å ta stilling til dei skal gå inn for ei samanslåing.

Det er tre alternative utfall, etter hennar vurdering:

Selskapa kan halde fram som i dag

Sogn og Fjordane Energi og Eviny slår seg saman.

Eviny sel seg ut av Sogn og Fjordane Energi.

Publisert: 17.06.2024 16:08

Sist oppdatert: 17.06.2024 16:12

Mer om