Nytt
Vurderer «miljø-Havyard»
Fleire Havyard-datterselskap kan bli skilt ut - og børsnotert.
26.11.2020
Havyard Group sine datterselskap, Havard Hydrogen, Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems og Norwegian Greentech, kan blir skilt ut og samla i eit eige selskap - og notert på Oslo Børs.
Det skriv Havyard Group i ei børsmelding i dag.
Då ville han ikkje svare på om Havyard Group vurderte å skille ut og børsnoterte Havyard Hydrogen.
Torsdag kom svaret. Både Havyard Hydrogen (som teiknar og set saman anlegg for å bruke hydrogen som drivstoff ombord i skip), skipsdesignverksemda i Havyard Design & Solutions, skipselektrosystem og -designleverandøren Norwegian Electric Systems og Norwegian Greentech (som lagar reinseanlegg for ballastvatn) kan bli samla i «et separat martimt cleantech-konsern» og notert på Euronext Growth (Merkur Market) på Oslo Børs.
Havyard Group skal vere største eigar i det nye selskapet. Etter ei slik operasjon er skipsverftet i Leirvik i Sogn einaste heieigde datterselskap i Havyard Group.
Som ein del av refinansieringsarbeidet skal skipsverftet i Leirvik i Sogn, i alle fall inntil vidare, satse på vedlikehald, ombygging og reparasjonar i staden for nybygg.
Samstundes kan altså «miljø-selskapa» blir skilt ut.
Dei pantesikra kreditorane har gitt «prinsipiell tilslutning» til planen, ifølgje børsmeldinga. Havyard Group ventar at refinansieringa og børsnoteringa er i mål i løpet av første kvartal 2021, seier Gunnar Larsen til NETT NO.
Då blir Havyard Group sin eigarandel redusert, samstundes som det nye selskapet blir meir solid.
Ifølgje Larsen skal Havyard Group halde fram som eit børsnotert selskap også etter at det delvis eigde nye selskapet er blitt børsnotert.
Det skriv Havyard Group i ei børsmelding i dag.
Meir grønt
Havyard Group har ikkje vore flinke nok til å få fram den miljøvenlege delen av verksemda si, sa Havyard-sjef Gunnar Larsen i NETT NO i onsdag.Då ville han ikkje svare på om Havyard Group vurderte å skille ut og børsnoterte Havyard Hydrogen.
Torsdag kom svaret. Både Havyard Hydrogen (som teiknar og set saman anlegg for å bruke hydrogen som drivstoff ombord i skip), skipsdesignverksemda i Havyard Design & Solutions, skipselektrosystem og -designleverandøren Norwegian Electric Systems og Norwegian Greentech (som lagar reinseanlegg for ballastvatn) kan bli samla i «et separat martimt cleantech-konsern» og notert på Euronext Growth (Merkur Market) på Oslo Børs.
Havyard Group skal vere største eigar i det nye selskapet. Etter ei slik operasjon er skipsverftet i Leirvik i Sogn einaste heieigde datterselskap i Havyard Group.
Ja frå låntakarane
Havyard Group har i lang tid arbeidd med ei refinansiering av selskapet, etter store tap på skipsbygginga.Som ein del av refinansieringsarbeidet skal skipsverftet i Leirvik i Sogn, i alle fall inntil vidare, satse på vedlikehald, ombygging og reparasjonar i staden for nybygg.
Samstundes kan altså «miljø-selskapa» blir skilt ut.
Dei pantesikra kreditorane har gitt «prinsipiell tilslutning» til planen, ifølgje børsmeldinga. Havyard Group ventar at refinansieringa og børsnoteringa er i mål i løpet av første kvartal 2021, seier Gunnar Larsen til NETT NO.
Hentar pengar
Detaljane rundt den planlagte børsnoteringa blir det arbeidd med, men Larsen seier det er «naturleg å tenke at vi vil hente inn pengar».Då blir Havyard Group sin eigarandel redusert, samstundes som det nye selskapet blir meir solid.
Ifølgje Larsen skal Havyard Group halde fram som eit børsnotert selskap også etter at det delvis eigde nye selskapet er blitt børsnotert.
Publisert: 26.11.2020 22:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:06