Vurderer Stordalsatsing etter rekordaar
STORDALSPLANAR: Per Magne Grøndahl i Norsk Sjømat gler seg over det beste resultatet i selskapet si historie.
Nytt

Vurderer Stordalsatsing etter rekordår

Norsk Sjømat vurderer storsatsing i Stordal. Kan bli både oppdrett og foredlingsbedrift.

08.07.2016
Planane om å utvide fabrikken i Svemorka på Stranda er lagt til sides til fordel for etablering i Stordal.
I lokala som tidlegare husa møbelproduksjonen til Helland Møbler vurderer Norsk Sjømat å etablere storsmoltanlegg for laks. Samstundes vurderer selskapet å legge eit anlegg for bearbeiding og pakking av levandelagra torsk til Stordal.
Norsk Sjømat vurderte å utvide fabrikken på Stranda for 50 millionar kroner for å bearbeide torsken, men no er det Stordal som er mest aktuell for ei slik etablering.

Rekordresultat

Norsk Sjømat-konsernet, som omfattar lakseforedlingsbedrifta Norsk Sjømat på Stranda, fiskeavskjærbedrifta Vital og fiskeri-og fiskeindustrikonsernet Nergård hadde i fjor sitt mest lønsame år sidan starten, med eit resultat før skatt på over 11 prosent av driftsinntektene (sjå tabell).
Det er Vital, og Nergård-konsernet, der Norsk Sjømat eig 42 prosent, som gjekk best i fjor. Men lønsemda var bra også i Norsk Sjømat og dagleg leiar Paul Magne Grøndahl er svært nøgd med resultatet.

Laks på land

Både Marine Harvest (i Dalsfjorden) og Vartdal Invest (på Vartdal) har satsa på storsmoltanlegg. Norsk Sjømat vil gjere det same. Selskapet har søkt om utviklingskonsesjonar for å kunne drette opp fisk heilt fram til slaktestorleik, men Grøndahl seier selskapet også kan basere seg på samarbeid med andre oppdrettarar i tillegg til konsesjonane det allereie har.
I eit smoltanlegg går fisken i eit lukka system fram til den er klart til å bli sett ut i havet. Eit storsmoltanlegg er i prinsippet det same, med skilnaden er at fisken kan bli opp til eitt kilo før den blir sett ut i staden for berre 100-200 gram. Storsmoltanlegg gir kortare tid i sjøen, betre kapasitetsutnytting av sjøanlegga og gjer at fisken blir mindre utsett for lakselus og sjukdom.

Fisk og grønsaker

Eit eventuelt anlegg i Helland Fabrikker i Stordal skal drivast i samarbeid med Vibeke Evensens selskap Lotics, eit selskap som skal dyrke grønnsaker basert på avfallsstoffa frå fisken.

Lotics er i ferd med å bygge eit pilotanlegg, og går alt etter planen kan det bli både grønnsakproduksjon og lakseoppdrett i den tidlegare møbelfabrikken.

Publisert: 08.07.2016 15:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58